Vårens treningtilbod!

I tillegg til gode forhold i fjell og vidder, til flotte turar på ski og til fots,kan vi og minne om at forholda i løypene på Bondalseidet er perfekte.

I tillegg til dette har vi:

Mandagar: Sirkeltrening kl 2000, allsidig og variert styrketrening for alle.

                  Frida er instruktør og hjelper til med gode råd og rettleiing.

                  Treninga kostar kr 20,- pr gong

Vi har time frå klokka 1900 så kansje vi kan få til ei oppvarming om det er behov? Ballspel eller liknande, dette er ikkje avklara enda.

Tirsdag: Gubbetrim kl 2000. For kara i alle aldre, frå ferdig ungomskulealder og oppover til 100.

Torsdag: Vaksentrim kl 2000. For damer og herrer i sin beste alder, frå ferdig                                    ungdomskulealder og oppover til 100.

Vi minner om at alle aktive som deltek i aktivitetane bør vere medlem i Sæbø i.l.

Medlemskontigenten vert påmint etter årsmøtet i mars.

I nisja på gymsalen står syklane som er tilgjengelig når salen er open, ingen grunntil å ta det rolig i vinter:)

Heling trimgruppa.