"Konge i eget liv"

Eit spennande foredrag med Ingvard Wilhelmsen, få billettar att, grip sjangsen.

Vi- Personalet på Hjørundfjordheimen var så heldige (flinke) å få arbeidsmiljøprisen i Ørsta kommune 2014.

Dette var ein pengepremie som vi kunne bruke på det vi ville.

På personalmøte kom det fram forslag om: "ein kveld med innhald"

Det vart nedsett ei gruppe Elisabeth og Inger, om dei ville kontakte Ingvard Wilhelmsen, han sa ja- til å kome til  sjølvaste Sæbø !

Vi vart då einige om at vi ikkje kunne ha dette foredraget som er SÅ bra berre for oss sjølve, dette må fleire få vere med på.

Difor kom det forslag at vi ville dele denne kvelden med fleire.

Dermed vart det dugnad, vi opnar "storstova" gymsalen på Sæbø.

Vi lagar til mat og kaffi, Edith Flakk Nordang vil synge til oss, og hovedpersonen er sjølvsagt: Ingvard Wilhelmsen med sitt foredrag- han kan du lese meir om på nettet

Billettar vert seld på førehand på Hjørundfjordheimen og Bellingen. pris kr 100,-

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til Sæbø denne kvelden.

Helsing personalet ved Hjørundfjordheimen.