Foto:  Knut Hustad

Alle som vil kalle seg sentrale politikarar i Ørsta kommune var der.  Ordførar Runde Hovde, "vår eigen" formannskapsmedlem Hanne Stokke Gunnar Knutsen, Monica Rebbestad,  Sigve Aklestad, Unn Frøland, Odd Magne Winjevoll og kanskje fleire også. Og så kom ordførar Nils Taklo og kasta glans over det heile sjølv om han var mest interessert i å få vite kven som var ordførarkandidatar...

Øyvind Taklo og Marit Riise Olsen frå grendalaget orienterte høvesvis om byggeprosessen til grindaløda og grillen og alt det andre.  Marit snakka m.a. om det som Kapteinkvia no vart brukt til og kva planar grendalaget har vidare.  Ho la ikkje skjul på at det viktige å få opp no, var eit toalett p.g.a. den sterke pågangen av folk og organisasjonar som vil bruke området.

Og sjølvsagt var ordførar Rune Hovde imponert over det som grendalaget hadde fått til på Kapteinkvia.  Likevel framheva han mest den svært så hyggelege mottakinga han og dei andre politikarane hadde fått og ikkje minst den velviljen han vart møtt med då han tok kontakt og spurde om å få overnatte der.

Og så var det tid for grilling og anna god mat og sjølvsagt god drikke også.  I det heile var stemninga god - også mellom dei ulike partia trass i at valkampen snart tek til.

Og kven kom først i soveposen?  Jau, det var utan tvil tur- og uteovernattingsvande Ariana på 9.  Og berre så det er sagt - ho skulle sjølvsagt på skulen til vanleg tid i morgon tidleg.

IMGP8612b
Her ser vi m.a. ordførar Runde Hovde i blå dress, Øyvind Taklo frå grende-
laget
og Oddvar Marøy frå administrasjonen i Ørsta kommune

IMGP8618b
God stemning.  Men Gunnar Knutsen, nærast til venstre, prøver likevel å
halde seg
oppdatert på det som skjer andre stadar i verda.

IMGP8635b IMGP8640b
Nok prat.  No er det grilling på gang. Prat, mat, godsnakk, men no er det vel tid
for senga, elelr liggeunderlaget?

IMGP8648b IMGP8639b
Uskarpt foto, men i soveposen, under jerven-
duken ligg allereie 9 år gamle Ariana og søv.
Og heilt til slutt las ordføraren sikkert ei
godnatt
historie til dei andre i snøbygene,
men under taket
til grindaløda.  God natt.  Friluftsåret har starta.