Ingressbiletet

vil vi gjerne presentere her slik at du kan klikke på det og få fylt skjermen med denne praktfulle barneflokken som var elevar ved Bjørke skule 1945-46.

Bjørke -skuleklasse 1945-46

På dette biletet er namnet skrivne på skuleveggen, medan årsskriftet

hadde namna på eiga side.


Men det er mange meir kvardagslege bilete som er med å fortelje oss om korleis Hjørundfjordhistoria skal sjå ut. Dette biletet som Synneve Saltre Aarskog er med å skildre  korleis det arta seg å bu på veglause Saltre før pinseaftan 1966:

Tjuvopning av Festøyvegen

Synneve hadde Kodak Instamatic-kamera og har her fanga ein situasjon som har si vesle historie.

Men "Årsskrift 36" er no historie; kom ut litt før jul og vart også i år ei populær julegåve til mange.

No må vi tenkje framover:

VI VIL HA DEG MED

Fotonemnda får til disposisjon ein solid bolk i neste årskrift og. Grunnlaget for at det er råd å få eit innhald i denne bolken, er at DU set deg ned, blar gjennom albumar og lause bilete som ligg her eller der og tenkjer over om ikkje nettopp dette fotoet har ei historie som kan forteljast til fleire.

MIDTEN AV 1960-TALET er ei rettesnor,

men vi må tole avvik og vi ønskjer at alle bygdene er med i den årlege bolken. Bileta må illustrere ei lita eller lengre historie.  Du skal sleppe å syte for den endelege skriftlege utforminga. Historie kan formidlast over telefon, e-post eller i brevform. Så blir det underteikna sin jobb å syte for endeleg utforming av teksta. 

BILETKVALITET

Mange bilete har ikkje topp kvalitet, men dette skal ein ikkje vere så redd for. Mangt kan rettast med bilethandsamingsprogram som folk i fotonemnda er flinke med. Reidar Skarbø i vekeavisa "Nytt i Uka" skriv i dagens utgåve:

"Som eg har sagt hundre gonger før: Bilete som fortel interessant historie, salderer ein ikkje plassen med!"

LA VI STARTE ALT NO  !!

Dette er ei god tid til å sirkle inn aktuelle foto som vi kan arbeide med framover. Det tek lang tid frå tekst og bilete er ferdig og boka er ferdigtrykt. Alt må nok vere på plass omlag 15. september.

Send foto i original eller scann dei inn på ei fotofil og send dei! Skriv ned eller ring om innhaldet på bileta så skal det bli ei råd med utforminga.

Desse er med i fotonemnda: 

Per Urke, leiar: e-post: per.urke@mimer.no, telefon: 70141968/95100583.

Ivar Svein Mo

Knut Riise

Torbjørn Urke

Ver med på arbeidslaget og ta din del i den "vegbygginga" som ligg i det å få vår lokale historie tilgjengeleg! Dette er røtene våre!

Til slutt nokre ekte vegarbeidarar:

Bilete 4 A.H. Vegarbeidarane 2

Fire ekte vegarbeidarar i arbeid på vegen frå Bjørke til Kalnes

For Fotonemnda i Hjørundfjord sogelag: Per Urke