Bokbåten Epos er på tur i Møre og Romsdal frå 14. januar til 2. februar 2015. 70 stadar får besøk av båten, som er fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar. På bokbåten sin nettstad: www.bokbaaten.no kan de følgje båten på tur i alle dei tre fylka, bokbåten Epos er også å finne på facebook.

På Sæbø og Bjørke får vi møte Mandarinsaft, som består av Bendik Ulla på vokal, gitar og piano og Even Moen Jensen på vokal og gitar.
Mandarinsaft tek barn og vaksne med på ei reise inn i ein musikalsk hage, fylt med fantasi og glede. I denne hemmelege hagen er det eit tre som apekatten klatrar i kvar dag, og oppi treet kan han drøyme seg bort og fantasere om allt mogleg. Låtane handlar om tema som er viktige for dei yngste: Humor, leik, relasjonar og følelsar er noko Mandarinsaft syng om i låtar som: Godteri, Stakkars lille elefant, Klatretreet, Ræserbil og Fiskelykke
Målgruppe: Barnehage til 4. klasse og familiar.

Hugs å tak med bøker som du har lånt tidlegare og lever inn.