julegrantenning

 


 

Julemarknaden er eit viktig arrangement for korpset, og vi gledar oss kvart år til å arrangere den. Oppslutnaden på julemarknaden er god kvart år, noko vi er utruleg takknemlege for. Vi kan også i år love triveleg basarstemning med flott musikk, triveleg prat, tombola, åresalg, trekking av loddbok og eit flott sunnmørsk kakebord! (Også med glutenfrie alternativ.) Knut Hustad vil geleide oss stødig gjennom festen også i år! :)

 
 
 
 
 (Foto: Rune Sæbønes)
 

Også i år har vi opplevd stor gjevarglede blant bedrifter i Ørsta og på Sæbø, så vi har mange flotte gevinstar til utlodding. Nokre av premiane på loddboka i år er Bruder leiketraktor med hengar ifrå Felleskjøpet, dukke frå strikkekafèen, to kolonialkasser frå Bellingen og Joker med mykje spennande innhald og gåvekort frå Strands bakeri, Sagafjord Hotell og Rekkedal Gjestehus. Vi har òg fått lykt frå Stil og Stemning, ein stol frå Foraform, jakke frå Eiksenteret, ostetine frå Tine Meierier og mykje meir! Bygdefolket i Bondalen har òg gjeve mange flotte gevinstar, noko vi set utruleg stor pris på!

 

Kom og høyr på dei flinke musikantane våre som gledar seg til å spele for dykk!

Både kyrkja og Generasjonskopset ynskjer alle velkomne til ei fin førjulsstund 2. søndag i  advent.

advent

Helsing Hjørundfjord sokneråd og Generasjonskorpset