Vi har kvart år sett behov for å tynne ut skogen og det har vorte rikeleg med juletre som vi har gitt vekk. I år prøver vi oss med litt sal - seier Caroline Hjellegjerde på Vatne i Åmdalen.
Ho og mannen Hallgeir Aam har hogdt 20-30 juletre som dei byd fram for sal. Vi har lagt oss litt lavt i pris sidan vi ikkje har investert i pakkemaskin. Og for å innarbeide oss litt på marknaden, er prisen kr. 250 henta og kr. 300 levert.
Aam'tegarden på Vatne pynta til jul.
Caroline er klar over at det kan verte litt vanskeleg for folk å få med seg juletreet i bilen når det ikkje er pakka i nett, men som ein kompensasjon, så tilbyr dei levering i Ørsta-Volda og Bondalen truleg på søndag og måndag, men er nokon opprådde så leverer når kunden ynskjer.
Vi held til på Vatne i Åmdalen og folk finn oss i krysset, nedom vegen, som gjeng inn til Vatnedalen. I desse førjulsdagane så er vi heime og kan vise fram trea til dei som ynskjer å sjå på det vi har å tilby. Vi har både gran og furu, og trea er berre nokre dagar gamle, så vi meiner vi har eit godt produkt , seier ho.
Caroline Hjellegjerde og Hallgeir Aam
Kommentarar