I lag med musikarane sine legg ho opp til ein varm og stemningsfull kyrkjekonsert midt i den siste, hektiske inspurten til jula. Venche har vald å kalle konserten "Julefred" fordi ho ønskjer at konserten skal vere eit pusterom oppi alt stress og jag som denne tida på året ofte byd på . Det vert julesongar i gammal og ny drakt, men også viser og popmusikk der tekst og melodi har gjort inntrykk på henne. Håpet er å få dele denne opplevinga med publikum. 

Venche Leite jula 2014

Ho har med seg dyktige musikarar også til årets konsert. Dette er kreative menneskje som alle er med på å sette sitt personlege preg på songane. 

Mads Adrian Simonsen: gitar
Leiv Arne Nydal: Fiolin
Levi-André Leite: bass
Reidulf Botn: Lyd

Venche har også vore så heldig å få med seg ein lokal gjesteartist, nemleg Karoline Dimmen. Ho har tidlegare vore med på julekonsertane, og det vert nok eit flott gjenhøyr.

Vi ynskjer velkomne til ein kyrkjekonsert der folk kan få sette seg ned og nyte vakker musikk i ei hektisk førjulstid.

Vartdal kyrkje 21.12 kl 20:00

Hjørundfjord kyrkje 22.12 kl 20:00

Billett: kr 200,- Born u/12: Gratis.