Bakeri tømmer 011 copy

Fredag 5. desember klokka 1000 er dei igjen klare for ein ny julesesong -
bakar Dagfinn (Daffa) 
i bakeriet og Kanutte (Nutte) bak diskeni butikken
og kafeen. 

 

Vi kjenner etter kvart dei gode og kjende brøda, skulebollane, wienerbrøda, bollane og alt det som høyrer eit bakeriutsal til, men no er det jul og dermed er også sandkakene, sirupssnippane og alle dei andre småkakene på plass.

Julebrøda, kransekakene og ikkje minst kakene for dei som er plaga med søliaki, er og der dei skal vere, dvs. i hyllene bak disken.

Opningstidene:

Kvardagar frå klokka 1000 til klokka 1630

Laurdagar frå klokka 1000 til klokka 1500

Lillejulaftan frå klokka 1000 til klokka 1500

Det kan vere klokt å få med seg at julaftan er bakeriet stengt.

Kafeen  sjølvsagt også open - enten du ventar på ferja, slappe av eller slå av ein prat med kjentfolk.

Nutte og Daffa ynskjer alle nye og gamle kundar hjarteleg velkomne.