Tysdag denne veka kom pallen med 1200 eksemplar av "Frå Hjørundfjord - Årskrift 36" frå trykkeriet i Polen. Det har gått ein månad frå Alf Vatne i Vatne Fotosats i Volda, sende boka på nettet ferdig redigert til trykkeriet i Polen, Printing as, til den kom tilbake til Volda i bokform.

Alf har i mange år redigert og fått sydd saman boka før den går til trykk. Alf er ein kunstnar på fleire områder og ein framifrå persom å samarbeide med for Skriftstyret når ei bok skal unnfangast. Det kan ofte være ei utfordring for Alf, når epostar med bilder og tekst kjem inn på epost. Då krevst det å arkivere på rett plass. Også i år har han levert eit fagarbeid som det står stor respekt av.


Taklo ny redaktør

Det nye med årets bok er ny redaktør. Jarle Walseth takka av som mangårig redaktør pga av helsemessige årsaker. Det var lenge eit ope spørsmål kven som

Aashild gjer klart for bevertning_1

Redaktør Nils Taklo og tidl redaktør Jarle Walseth. Bak  Aashild Taklo.

ville overta etter Jarle og fleire var spurde, men å ta over etter Jarle skremde nok mange. Her kunne uttrykket " Å hoppe etter Wirkola" verte  brukt. Jarle har vore ein ubestridt einar til oppgåva i Hjørundfjord Sogelag. Men gleda var stor då skriftstyret fekk melding om at Nils Taklo hadde teke på seg den store oppgåva.

Nyeredaktøren har vist sine positive sider over for skriftstyret. Han er kunstner, han er skulemann, han lytter og tek imot råd, og ikkje minst vi har fått ein person med lang og god erfaring i administrasjon og deligering av oppgåver. Her kjem nok tidlegare politikkar og ordførar erfaringane til nytte for oss i skriftstyret. 

Men det hadde ikkje vore noko lett oppgåve for verken skriftstyret eller redaktør å lage ei bok dersom det ikkje var noko å skrive om. Men hjørundfjorden er velsigna

Forord

Innhaldslista og omtale av omslagsbilete

med mange flinke skrivarar som leverer meir stoff enn kva boka har plass  til og det ser ut til at det er ikkje problem å fylle framtidige bøker.

Årets bok er meir eller mindre ei jubileumsbok der det er 200 år sidan innføring avgrunnlova i 1814. Det er 50 år sidan samanslåinga av Hjørundfjord kommune i lag med Ørsta og Vartdal. Det er artiklar med stoff frå både krig og fred. Bileter frå 50

år tilbake der også det faste biletestoffet "Konfirmantar for 50 år sidan" Boka i år har teke ibruk innvendig bokomslag med bilder som dekker to sider. Innvendig på

framsida har Per Urke tekje ei foto av Stålberghornet og nummerert og namnsett kva   namna er frå gammalt, på dei enkelte plassar. Dette er namn som held på å forsvinne i den daglege tale. Innvendig bakomslag har fått eit gammalt kart over

Hjørundfjorden frå før krigen som var brukt av motstandsrørsla under 2.verdskrig.

_IGP0012

Ca midt i boka finn ein bilete av femtiårs konfirmantar og bildesamling frå fotonemnda.

Framsida har fått ei teikning av "Løveflagget" frå 1814. Det danske flagget med norsk løve. Baksida  er ei 50-årsminne med den nye kommunestyret i Ørsta med varamedlemmar.

Sist i årets  bok er det også oppattrykk av bok nr 3 frå 1981.Her får dei som kjøper boka anledning å lese desse bøkene som vart tidleg utselde.

Boka kan ein få i bokhandelane og på Urke og Sæbø

Det er kanskje knapp tid att til jul for å få seld alle dei 1200 bøkene. Ei velsmurd salsapparat er alt i gong og bøkene går ut med rekordfart.

På Bellingen på Sæbø kan den som vil hente sjølv, kome innom å kjøpe boka. Ellers vil ein del heimar i Bondalen verte besøkt av dørseljarar. Det er John Urkegjerde og Helge Nordang som dekker den nederste delen av Bondalen på

Bokseljar Helge Nordang

Helge Nordang har vore ein fast dørseljar av årsskriftet i snart 20 år.

Sørsida. Fremste dalen er det Oddbjørg Tvergrov og Anne Margrethe Steinsvik som går rundt. Norangsfjorden er Urke Landhandel ein fast plass, i tillegg vil Lars Kristian Norang besøke gode kundar. Standal og Hjørundfjordstranda kan folk få besøk av Kari Aarsnes og i Skjåstaddalen vil Einar Saure prøve så langt han rekk å besøke fast kundar med boka.

Ellers har bokhandelane Notabene i Volda og Nordli Libris på Amfi senteret rikeleg med bøker ilag med Kontor og Miljø i Ørsta. I Ålesund, Moa og Spjelkavik vil Arnfinn Standal passa på at der er til ei kvar tid bøker i bokhandelane.

Hjørundfjord Sogelag håper at boka fell i smak til jul i år og at det vert eit godt sal. Inntekta frå boka er hovudinntekta til laget og kjem til nytte for heile Hjørundfjorden.

DSC00794_1

Utrøytteleg kulturmannen Einar Saure har ansvaret å selje boka på Skjåstaddalen. Her ser me han i aktivitet på Bakketunet på Åkre 14 sept i år, der han fortel om gamle jordbruksreiskap.

Tidlegare redaktøren av årsskiftet, Jarle Walseth, tek på seg som tidlegare, oppgåva ilag med John Urkegjerde, å sende årsskriftet land og strand rundt.Den som treng boka tilsendt kan kontakte desse to og tinge boka på e-post:  jarlewalseth@gmail.com eller telefon 70040131- mob 99103211. John kan nåast på john.urkegjerde@tussa.com eller telefon 47600414

 

Prisen er Kr. 230,- og kr. 300,- inkl. frakt om du vil ha årsskriftet tilsendt.

(Ved å klikke på stikkordet nederst på sida kan du sjå alle bøkene som har vore omtale her på portalen) (Klikk også på bileta for stor størrelse)