Gunnar vart "Årets Bondaling 2014"

Julefesten 3.-juledag er tida for å sjå bakover i året som held på å verte avslutta og ein heiderspris til ein person, eller personar, som har gjordt ein stor innsats i bygda utan eiga vinning i tankane, vert heidra dersom der er kandidatar. Dette året gjekk prisen til ein som har gjordt ein stor innsats for å lage trvisel i bygda.

Det er Bondalen Frilynde Ungdomslag som deler ut prisen, og i år som tidlegare

Årets Bondaling 2014 3

 Sjølve prisen er flott glaskunst av Lillian Stavem i L-Design i Ørsta. Kunsverket er laga med teknikken som vert kalla glasfusing.Det er den opphaveleg måten å framstille bruksting av glas på. Glaset vert smelta saman på ei keramisk plate i høg temperatur.

(Klikk på bilde)

år, har det vorte ein klar kandidat som har gjordt seg fortjent. Årets prisvinnar er ein kar som ikkje er å finne i skiløypene, men er ellers svært glad å ferdast i naturen heile året.

Dette med at ikkje alle ville bruke ski for å kome seg ut i naturen, spesielt i påska, gav Gunnar idéen om å rydde ei rås oppigjennom granskogen aust for Skorndalen. Her var det snøfritt seint om vinteren, så berre det vart framkomeleg, så kunne folk ferdast når dei ynkste det sjølve. Dermed sette Gunnar i gong i all stillheit med å rydde rås.

Etter han var ferdig med å kome oppå Storebakken og andre oppdaga verdien av ein slik tur, kom forslaget om å lage ei rås nedatt lenger mot Skorndalen. Gunnar snakka med kjentfolk og fekk anvist kvar det hadde vore rås frå gammalt. Dermed vart ei fullverdig turrute laga, og Trimgruppa var ikkje sein om å ta den i bruk, og gruppa stod for namnet "Gunnarråsa" som var høgtideleg døypt i juli 2008 med snorklipping og sermoni.

At Gunnar no fekk heiderspris for arbeidet som han har gjordt og gjer, er han svært stolt  og glad for.  Ei drivkraft i han for å legge ned så mykje arbeid har vore at til fleire som kjem seg ut i naturen og virkeleg oppdagar kva slags verdier vi har rundt oss, gjer det betre å bu her for oss alle andre. I ogmed at folk går turar og legg ut bilder på Portal og FB frå naturen vår, gjer at bygda vert kjend verda rundt. Dette har vi no fått merke ved at her har kome mykje nye folk til bygda.

Gunnar kan ikkje få rost Bodil Skare og Trimgruppa for alle innslaga som ligg på Portal og FB, og ikkje minst dei flotte artiklane og bilda som Knut Hustad har teke. Ein artikkel som han set stor pris på er eit stykke som Knut har skreve på Portalen om hans gode venn, Anders Holen, som var ein fast brukar i råsa. Det siste tilbodet som no er på plass er merking med refleks. Dette gjer det atraktivt å gå der i mørkna med haudelykt.

I går på 3.juledag fekk Gunnar bekreftelse på at bygda set pris på han. På julefesten delte Bondalen Frilynde Ungdomslag ut den gjeve prisen til Gunnar. Det var Lisa Mari Follestad og Fredrik Johan Mo som stod for utdelinga på ein svært så fin og ungdommeleg måte og Årets Bondaling 2014 var på scena og takka for prisen.


Årets Bondaling 2014 1

Ein glad og stolt prisvinnar heime i stova si etter prisutdelinga
3.juledag. Gunnar Stokke vart Årets Bondaling 2014.
Her med diplom laga av Sverre Magnus Myrtveit og sjølve
prisen er flott glaskunst av Lillian Stavem.

Gunnar vart heidra for sitt utrøytteleg arbeid for å legge
til rette med å rydde skog og lage det kjekt for folk å ferdast
i skog og mark.

Juryen sin begrunnelse:

I år blir det veldig vanskelig å seie so mykje utan å røpe kven årets Bondaling 2014 er. Dette er ein person som på ein måte har starta ein trend. Ein sunn trend som mange har «heve» seg med på.

Denne trenden gir folk motivasjon, eit mål om eit betre og sunnare liv. For enkelte , berre eit mål om at «eg skal klare det», mens for andre tender det eit konkurranseinstinkt om å gjere det betre for kvar gong.

Denne personen styrer på å held denne «trenden» ved like, slik at folk kan fortsette å bruke den. Å den blir brukt av folk i alle aldrar, både gamal og ung, og som hovudpersonen sjølv sei: «Det er viktig å ta ungane med på tur, der ungane har vore kjem dei eingong att, og då har dei med sine ungar»

Det var vinteren i 2008 at denne personen starta arbeidet sitt med dette prosjektet. Og 08.07.2008 hadde trimgruppa ei høgtidlig opning der hovudpersonen sjølv klipte snora.

Vi snakka sjølvsagt om Gunnar-råsa!

Årets Bondaling 2014 er sjølvaste råsmannen, Gunnar Stokke!!!!