30 års jubileum for Røde kors besøksteneste!
Ein trivelig adventfest med mykje musikk og song, alle kosa seg på Hjørundfjorheimen denne ettermiddagen.
Eli, Karl, Oddny, Else, Sigrun og Grethe.
Alle sat klare til fest, borda var dekka og stova var pynta til advent.
Anna, Sylvi, Marie og Ragnhild klar for underhaldning.
Festen starta som ein adventfest skal, med song og tenning av fyrste adventlys.
Ragna spelte gitar, Thea Karin og Karoline song "No tenner vi det fyrste lys"
Espen- presten vår heldt andakt om lyset i mørketida.
Det var eit fantastisk kakebord, desse damene kan å lage dei beste og flottaste kakene.
Johanne og Arnhild, Johanne hadde gebursdag og fekk bursdagsong av heile flokken.
Ein triveleg gjeng kosa seg med godekaker og kaffi.
I sofakroken sat Ingvild, Kirsten Ragnhild, Espen, veslejenta, Karoline og Elisabeth.
Det var ein fin og høgtidsam stemning.
Det vart synging av julesongar.
Berit Hatlestad spelte piano.
Espen og kona Kirsten Ragnhild spelte gitar og song vakre tonar.
Hilde Kolås Delte ut blomar til trufaste "syngedamer".
Ho var den som kursa dei som var med å starta dette og har sjølv vore med i Røde kors pasientvenner heile tida.
30 års jubileumet vart markert med flotte ord og blomster.
Ragna delte ut blomar til dei som var med og song og spelte.
Torill hadde ei lita gåve på lur frå Hjørundfjordheimen til "syngedamene" for å sette pris på det ei gjer for oss.
Desse damene er ikkje vande med å få gåver, dei brukar oftast å gi gåver til andre.
Tusen takk for lang og tru tjeneste, håper de kan halde på i mange år framover....
Til slutt fekk Thea Karin og Karoline fekk julestrømper og refleks som takk for flott song.
Ha ei triveleg adventtid og gled dokke til jul.
Kommentarar