Open Dag på Hjørundfjordheimen.

Programmet vart opna ved einingsleiar Eldrid Øye, som oppsummerte hendingar gjennom året i ei velformulert årsmelding.

Dette til glede for alle frammøtte.

016

Overraskande besøk frå Ørsta, av sjølvaste ordførar Rune Hovde.

018

Han overrekte blomsterhelsing frå Kommuna, og gratulerte med vel gjennomført oppgraderingsprosess.

Vi som har vore med, kjenner no at denne prosessen har vore krevjande for dei som bur her, arbeidar her og ellers for alle pårørande.

Men er ein løysingsfokusert, kjem ein vel i mål ;)

022

Oddhild var som vanleg Eldrid si høgre hand, og sto for det meste av organiseringa denne dagen.

025

Oline Løvlid frå Hornindal.

Ho  gjer mykje for å bere dei gamle songtradisjonane vidare, ho underviser i mellom anna kveding og har motteke fleire prisar.

Vi var heldige som fekk henne hit, og ser på det som ein effekt av Kvivsvegen ;)

024

Forsamlinga kosa seg til vakre tonar.

010

Petrine, Karen og Solveig, hadde benka seg for å få med seg programmet, i lag med mange andre.

011

Bygdefolk, slekt og vener er flinke å møte opp.

012

Toril Nilsen hadde salgsutstilling og var godt nøgd med dagen.

023

Sosialt og triveleg i sofakroken.

027

Sitjeplassar i alle krokar og krær.

Der det er hjarterom er der husrom.

028

Fint dekka bord - til liten og stor.

029

Basarkinn og høg tempratur medan vi ventar på trekking av gevinstane.

Bernhard Øye Pedersen og Otilie Elena Klokk var siste programpost.

Dei kom rett frå tentamen og spelte vakre tonar på fiolin og piano.

020

Dokka vart vunne av Steffen Nordang. Så no er det berre å vente på barnebarna....

030

Kjøkkengjengen og tilsette hadde baka kaker, i tillegg vart det servert rømegraut.

10 kaker vart produsert på dugnad!

Lavin, Karin og Svanhild sto for god servering.

026

Racer for loddsalget var Elfrid Holen!

Oddrun og Bertha var som vanleg gode loddkjøparar.

033

På Dalastova var det "leikepark" for småtroll, til stor glede for dei eldre.

031

Som vi ser er det vår ute sjølv om vi skriv november.

Vi takkar for ein vellukka dag og gode basarinntekter som gjer at vi kan fortsette med gode trivselstiltak ved Hjørundfjordheimen.

Stor takk til alle som kjøper lodd, de som gav gevinstar, og ellers til alle som bidrog på ein eller annan måte.