Vi syter for influensavaksine, desinfiserer og passar på at smitte ikkje så lett skal spreie seg.
Eg fekk låne ei bok, og på første tekstside såg eg ....
Eg gjer meg nokre refleksjonar etter å ha fått tak i ei bok frå eit bibliotek i Derby i Midt-England, utgitt i 1915. Når du ser foto av bokryggen, er det vel til å forstå at boka og forfattaren interesserer. Men på første tekstside finn eg noko som dessutan var overraskande.
Dei var framsynte i Derby
Ein raud lapp, knapt 10 cm høg, er limt fast i venstremargen. Teksta går fram av foto. Det viser seg at alle bøker i biblioteka i Derby den gongen var pålima denne lappen med slikt innhald:
EKSTRAVARSEL.
Alle låntakarane skal vere merksame på direktivet frå følgjande utdrag av klausul 171, dokument frå Derby kommunestyre 1901.
”Ingen person skal returnere til utlånsbiblioteket noko bok som han kjenner til har vore eksponert for smitte frå einkvar smittsom sjukdom, men skal med ein gong gje melding om påverknaden av smitte til medisinsk ansvarleg i Helsevesenet eller til Sunnheitsinspektøren, som skal syte for at den same (dvs. boka) blir desinfisert og deretter returnert til biblioteket. Dersom noko overser dette vedtaket, skal han vere ansvarleg for ei straff som ikkje skal overstige førti shilling.”
Det er vel ikkje grunn til ytterlegare kommentar frå mi side.
Kommentarar