Det er barneidrettsgruppa i Sæbø idrettslag som står bak aktiviteten. Trimmen vert også i år på fredagane. Aldersgruppa er born under skulealder i følge med foreldre. Det har vore godt oppmøte før sommarfeien, og det er herleg å sjå born og foreldre kose seg i lag, å vere i bevegelse og sjå borna utforske og prøve seg på nye utfordringar.

Dei første som kjem hjelper til å ta fram ting frå materialromet og dei siste som går, hjelper til å rydde på plass. Fint om alle tek sin del med å hjelpe til.

Hugs sko / tøffler som ikkje lagar svarte merke på golvet.

Kom og ver med og bruke den super fine gymsalen vi har her på Sæbø.

Vi gledar oss til endå ein god aktiv sesong ilag med små og store :)

Helsing Barneidrettsgruppa.