Vi skal ikkje lage reprise av det som skjedde den gongen, men vi veit at det er mange som har interesse i desse minna. Det skulle vere grunn å nemne Arnold Hustad og hans tilknytning til familien som miste son og bror under styrten i Breifonndalen. Men han var og pådrivar for å samle flydeler og truleg ei mengd andre minner frå denne, og andre krigshendingar.

Vern av Krigsminne

Men ein annan bondaling, Roy-Magne Mo, har meldt seg på same arenaen. Han har sendt meg bilete av ein restaurert Messerschmidt 109 som var plassert på Gossen i mai 1945.

!cid_141277919054354cb6a981c593830627@sunnmore

Roy-Magne kjenner alle deler og andre detaljar, m.a. nummer og markeringar på flya. Han veit om fabrikasjonsnummera og kvar dei var plasserte på flykroppen, og er på leit etter det meste som kan finnast om denne flytypen.

Dersom Messerschmidt-flyet, som nødlanda på Norangsfjorden og vart teke opp av Urke-ungdommar og plassert på Ivaplattingen, hadde blitt teke vare på, ville marknadsprisen i dag ligge på 10 mill. kr. Men Heimefronten frå Bondalen og Ørsta ville ikkje ha eit krigsminne liggande og sytte for å ramponere det slik at verdien vart lik 0,00. Motoren er no heva og vi er nokre som veit kvar han finst. Restane ligg framleis på havbotnen.

Flyvraket på plattingen

Slik låg restane av flyet på Ivaplattingen i mange år etter krigen

Men andre ting dukkar opp: Ein e-post i sommar varsla meg om at ein flyradiator var funnen i det heimste Breifonngjølet.  Kåre Jon Berg fekk beskjed og denne radiatoren / oljekjølaren er no under trygg lagring på hovudkontoret i Hansløda.

Oljekjølar radiator 2

Sett frå eine sida

Oljekjøler radiator 1

Sett frå andre sida.

Roy-Magne Mo trur at dette er ein av dei to oljekjølarane som var plasserte ved kvart vengefeste.

Historia om korleis denne har hamna i Breifonngjølet, vert for detaljert til å ta opp i denne samanhengen. 1958 er årstalet for når den kom dit. Det er likevel utruleg kor lite den er tært opp etter nær 70 år under open himmel. Deformeringa kjem frå styrten og handsaming under nedhentinga i 1958.

Eine propellvengen frå same flyet er gravstøtte for flygaren som omkom:

Gravstøtte Wolfgang Kindt

Gravstøtte over Wolfgang Kindt på Hjørundfjord kyrkjegard.

Underteikna har opplysningar om kvar ein av dei to andre propellvengane frå same flyet finst.