Det set sine spor å vekse opp i Ørsta, Ivar Aasen si heimbygd, som ligg klemt mellom mektige fjordar og majestetiske fjell på Søre Sunnmøre. Det er truleg her, i skjæringspunktet mellom folk og natur, at den har oppstått, Stig Ulv sitt distinkte varemerke: Den uimotståelege klangen.

Den som fekk Magne Furuholmen til å avbryte han midt under ein konsert i haust for å få med seg ein signer CD. Den som gjer at Dagbladet sin journalist Tom Stalsberg finn det tvingande nødvendig å be folk om å sjekke ut den beskjedne sunnmøringen.

Stig Ulv spelar ikkje på gitarar, han får dei til å snakke. På nynorsk sjølvsagt. Med utsøkt gitarteknikk, ein reinskåren følelse for harmoni og melodi, og ein lyd som ber tonar over hav.

- Dette er ikkje akkurat festmusikk, seier Stig Ulv sjølv.

Og det takkar vi for. Det fins nok av slikt. Nei, Stig Ulv er noko heilt anna: Ro og pusterom. Høgst nødvendige komponentar i ei samtid prega av stadig aukande krav til tempo og effektivitet. Sjølv kallar han det stemningsfull instrumentalmusikk. Men det er berre for han er beskjeden.

Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldant som eit friminutt frå stress og mas.

Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, intet mindre.

Albuma "Strengetonar" og "Klimprar" finn du på Wimp, Spotify, iTunes, CD og vinyl.


Kafe og konsert på Haukly den 18. oktober
kl 16. med open kafe Det blir nysteikte vaffler og sveler, kaffi og brus , pølser...
Kl 18. konsert med Stig ULV Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldant som eit friminutt frå stress og mas.
Etter konserten blir det småbord der alle kan slå seg ned og hygge seg vidare langt utover kvelden
Denne laurdagen legg vi fokus på at alle kan møtest til mat - prat og koselig lag uten at vi legg opp til program heile kvelden
Vi håper det kjem både unge og eldre slik at vi gjer dette til en hyggelig dag/kveld for alle med mykje prat og drøsing.
Kaffen blir open utover kvelden so ingen skal svelte

Alle hjertelig Velkommen
Helsing .Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag