Fantastisk fargar på himmelen i dag like før sola tok tak. Det stod på berre 5 - 10 minuttar før lyset tok tak og dempa dette vérfenomenet.

DSC00965_1

Bilde kan lyge litt på dagslyset, men skal ein få fram himmelen slik den er, må ein måle kun himmelen og då vert fjella mørke. Bilde er rett mot aust like før sola tek skikkeleg tak og kjem med dagslyset. Meiner å ha høyrdt at dette er snøkrystallar i høge luftlag som lagar slike fine fargar. Ellers snakka meterologen om fare for store nedbørsmengder ut på dagen, men kunne ikkje sei noko detaljert kvar det slår ned på det meste. Er dette ein varsle om nedbør eller er det godvérsvarsel?

DSC00955_1

Etter litt kom dagslyset over bygda og Hjørundfjordfjella.