Kaos i rotet eller rot i kaoset?
Her er gangen i fyrste etasje, velkomen inn.
Innover stova i fyrste etasje, mot kjøkkenet.
Taket vitnar om røra som skal forsyne sprinkleranlegget med vatn.
Dryge dimensjonar på røra, montering pågår.
Dette er kontoret i andre etasje, foreløbig stengt?
Nye medisinrommet, skal det vere en pille?
Takplatene skal skiftast og røra må på plass, desse arbeidarane har måtte trakke rundt oss i vel eit halvt år no, dei må få ros for tolmod og for flittigt arbeid.
Mangfoldige meter med rør er no montert og samankobla, me får håpe det er tett!
Møblar og ting som vi ikke rydda vekk vert dekte med plast.
Her vert det limt nytt belegg i gangen.
Flott og lyst med nytt belegg.
So skal det fugast og tettast i alle skjøytar og sprekker.
Når vi skal ha pause må vi gå rundt halve huset på leit etter "klar bane".
Ein smule overfyllt på vaktrommet under rapporten.
Venter på heis til frukosten i ande etasje.
Om natta er dette lager av diverse.
Om dagen kontoret til regionsleiaren og pauserom.
Slik ser det ut rett før riving av gamlebelegget.
Andre etasje er snart ferdig, det vart litt lysare ja.
Siw og dei andre foreldra i ungdomskulen tek seg av nedvasken for å samle pengar til skuletur.
Anna vask og flytting må vi ta mellom anna arbeid, Unni i full sving.
Randi ordnar og vaskar klart til oppflytting til andre etasje.
Hagemøblar og blomster må også stellast og på rett plass.
Spissrotgang mellom knelande mannfolk og maskiner.
Godt med ein tår betulac Karina?
Som du ser treng vi vidare oppladding og styrkedrikk i dette kaoset.
Alt har ein ende men pølsa har to!
Alle tilsette må få ros for denne utfordringa vi har hatt siste tida, godt vi har humør og eit trivelegt sosialt miljø.
Tusen takk til alle pårørande som kjem innom og opplever dette som en smule kaotisk, de har vore tolmodige, takk for det.
No er det like før vi ser i enden av dette og det skal vi feire!
Litt arbeid står nok att, men vi anar enden er nær;)
Kommentarar