Laurdag 18.oktober vart skriftstyret og fotonemnda i Hjørundfjord sogelag samla for å bestemme korleis årets bok skal sjå ut. Møtet starta nokså presis kl.10.00 i boligen til Nils og Aashild Taklo og skriftstyraren ynkste velkomen til møtet. Det var samla 7 personar frå skriftstyret og 4 personar frå bildenemnda.

Det er skifte av skriftstyrar dette året, etter at mangårige skriftstyrar Jarle Walseth takka av. Denne dagen då skriftstyret har møte for å fastsette årets bok, har vore ein høgtidsdag for Jarle og kona Inger Walseth og dei inførte matservering med varmmat. Denne tradisjonen vil den nye skriftstyraren føre vidare, og han og kona hadde gjort i stand ein flott dag for nemnda. Fru Aashild er mangårig tidlegare kokk frå kjøkkenet på Hjørundfjordheimen og kunne dekke bordet med det aller beste.

Årets bok vil i hovudsak handle om at 2014 er eit jubileumsår. Det er 200 år sidan Grunnlova, 100 år sidan fyrste verdskrigen starta, og 50 år sidan hjørundfjorden kom innunder Ørsta kommune. Men ellers vert det rikhaldig med fast stoff som, bildesamling for 50 år sidan, oppsummering av siste året med Rune Sæbønes og ikkje å gløyme dei gode artiklane med bilder og tekster frå gode skribentar.

Bokframsida er ei viktig sak_1

Sak nr.1:Torbjørn Urke frå fotonemnda, hadde ansvaret for å skaffe bilde på framsida og kom med fleire alternativ som styret tok stilling til. Framsida og baksida er ein svært viktig del av ei bok.

Gjennomlesing og retting_1 Lars Kristian og Per_1

Bokomslaget vart bestemt og etter at nemnda vart samde om  kva slags rekkefølgje artiklane skulle kome i, vart det hardt arbeid, og raudeblyanten kom etterkvart fram. På bordet er det dekka på med kaffi og litt å bite i, før det vart servert varmmat kl.13.00.
Her er Oddbjørg Tvergrov, Berit Klepp og Kjell Bjørke i arbeid.

Lars Kristian Norang frå skriftstyret og Per Urke frå fotonemnda hadde strakst kontroll.

Aashild gjer klart for bevertning_1 Middag høyrer med_1

Kl. 13.00 hadde skriftstyrar bestemt at middag skulle serverast, og då måtte skriftstyrar og tidlegare skriftstyrar Jarle Walseth vike for at  Ashild skulle kunne servere. Foto Torbjørn Urke

Den beste brensnuten, med flattbrød og saft vart servert og stemninga var god. Aashild kunne ta imot berre godord for maten.

Taklo viser fra sin kunst_1 Taklo viser fram_1

Etter eit godt måltid tok Taklo seg tid å vise fram arbeidet sitt i arbeidsromet i kjellaren.

Det var ei flott samling med kunst i friske fargar. Det vart undra seg over korleis ein kan produsere slik lys fin kunst i ein mørk kjellar utan vidauge :)

Redaktøren ordner siste artikkel  på plass_1

Då var alt gjennomlese og skriftstyrar hadde kontroll over bunken med redigerte artiklar som vert sendt over til Alf Vatne i Volda, som er ansvarleg for å sette saman boka og sende i trykken.

F.v: Nils Taklo, Per Urke og Johannes Aklestad

I skriftstyret sit: Nils Taklo(Skriftstyrar), Johannes Aklestad, Berit Klepp, Lars Kristian Norang, Oddbjørg Tvergrov, Ivar Svein Mo, Jarle Walseth og Kjell Bjørke

I Hjørundfjord Sogelag si fotonemnd sit: Per Urke (leiar), Torbjørn Urke, Knut Riise og Ivar Svein Mo