Planen er å legge torv på grillhuset, grave grøft for straum til grillhuset, bygge ein liten vegg ved sikringsskapet ved grindaløda og bygge eit lite skap. Hallvar Mo har gitt oss løyve til å skjære torv hos han. Lars Petter Strandmann har torvskjerar som vi kan låne. Vi treng traktorar til frakting av torv. Håper mange kan stille, så går arbeidet fort, og vi blir klare til hausten. Skriv gjerne i kommentarfeltet om du kjem, då er det lettare å planlegge dugnaden.