Styret for Sæbø bedehus ynskjer alle og ein kvar hjartlige velkomen til basar. I år som tidligare har vi mykje flott handarbeid som vi loddar ut.
Barnekoret og presten vår Espen Årseth tek del og det gler vi oss til:) elles verte det god gammaldags basar stemning . Kjøkken gjengen kokar kaffi på store kjeilen og bollar og gode kaker vert servert.
Sitt ikkje heime denne laurdags ettermiddagen...ta med deg ein nabo eller ei venn og kom på basar!!.
Dette flotte pleddet og juleduken er handlaga av Kjellaug Hustad.
elles av gevinster kan vi nemne dokke med klede , saudeskin ,kolonialkasse,pledd og mm.
VELKOMEN.
Kommentarar