Turmarsj på Elverampa.

001

Påmeldinga var utanfor klubbhuset, der kunne du og finne gevinstane som skulle loddast ut etterpå, og premiane som vart trekte på startnummera.

Haldis og Irene registrerte deltakarane, Sina og Karianne er klar til tur.

008

Etterkvart vart det stor pågong ved påmeldinga, lettkledde folk i det flotte haustvêret.

006

Janneche steiker sveler medan dei andre går tur, Åshild ordnar tilbehøret.

Kafeen vart flytta ut, vi vil ikkje vere inne i slikt varmt vêr.

007

Nysteikte sveler er utrulig godt!

Det freistar med eit skikkeleg "svelegrep" på desse store deilige svelene.

003

Nokre sykla og andre trilla, sånn skal det vere, tid for litt prat innimellom er det og.

Klar, ferdig, gå............

009

So var starten i gong, nedover Hustadvegen som den heiter no.

010

Framover Elverampa vart det mykje folk denne dagen, spreke turgåarar.

012

Anna og Anne Fride kosa seg i varmen.

Anna var nok eldste deltakar med fyllte 100 år.

016

Alle ville skrive seg i trimpostboka, eller i manntalet som ei av damene frå Hjørundfjordheimen sa. Trimposten var for anledninga sett opp ved dei første benkene langs Elverampa. Maren ilag med mamma Wenche og pappa Vidar.

019

To smekre og spreke syster på tur. Mykje fint i Bondalen.

20140906_160137

027

Leiaren i Sæbø IL tok ansvar for "krafttaket" og hjalp til med å få bebuarane på Hjørundfjordheimen med på tur. Her er det Siw og Audun som nyt den fine haustdagen.

20140906_160535 - Kopi

Solveig fekk vere med tre generasjonar Årseth-Dimmen på tur, Karoline var den som tok ansvar å trilla rullestolen.

Dei hadde til og med plukka sommarblomster på sin veg.

turmarsj11

Jan Inge i lag med Mary, Siw hjelper Tordis og Elfrid og Johanne.

Dette var kjekt å vere med på.

turmarsj12

Etterkvart som folk kom tilbake frå turen vart det folksomt ved Klubbhuset.

turmarsj13

Stolar og syklar, barnevogner og folk.

Kaffi og sveler gjekk unna.

030

Mange kjøpte lodd og praten gjekk i den lune fremsteveggen ved klubbhuset.

turmarsj14

Else og Petra kosar seg med nysteikte sveler.

turmars 15

Sylvi og Anne Helene i godt humør.

039

No var det tid for trekking av premiar på startnummera.

045

Favnen full!

Lisbeth, Signe, Ingrid og Mariell ventar på at loddbøkene skal trekkjast. Skal tru om det verte premie på oss?

058

Flotte premiar og gevinstar hadde vi fått frå fjern og nær, no gjekk dei unna.

056

Hilde var strålandes fornøgde for å vinne på loddsalet, sjekk det gliset!

055

Tre generasjonar Holen, Elfrid, Karianne, Trond og jentene Sina og Elise.

004

Janne, Elisabeth og Else, kaffikos, mobil og svele.

052

Tusen takk til alle som var gåvmilde og sponsa med premier.

028

Så vendte vi ryggen heimover etter ein fin trimtur med nydeleg elvesus, fuglesang og ikkje minst god prat. 

Tusen takk til alle som vart med å gjere denne dagen til ein vellukka og kjekk dag for ALLE.

Husk å stemme på det fabelaktig gode krafttaket til Sæbø IL.

www.krafttaket.no