Oppsummeringsmøtet er svært viktig for nemnda og idrettslaget og vi ber om at så mange som mogleg møter opp.

 

Kva var bra med årets arrangement?

Kva var mindre bra?

Kva kan vi gjere betre?

 

For å sikre at informasjon ikkje går tapt frå år til år har styret i Sæbø I.L. vedteke at nemnda sine medlemar skal sitje i tre år og to medlemar vert skifta ut kvart år. Dette vil også gjere det enklare å arbeide langsiktig med tanke på underhaldning, utstillerar og liknande.

Dersom du ønskjer å arbeide med Hjørundfjorddagane er der to ledige plassar i nemnda dei komande tre åra.

 

For Sæbø I.L.

Kari Stokke, Skrivar