Gunnar-råsa og Storenakken.

1september og fyrste haustadagen, god varme og flott turvêr lokka ut den harde kjerne på tur.

029

Gunnar har nyrydda råsa opp til granskogen, den heldt på å gro att.

Marit, Kari, Fred, Gunnar og Bente.

030

Etter nokre meter haurde vi nokre som kom etter oss, Frøydis og Gunn slo lag så no vart vi åtte.

031

Gapahuken måtte vi beundre.

032

Kva er vel dette, eg trudde lenge det var ei korg som fuglane kunne bygge reir i.

Kva trur du?

033

Grønt og sumpaktigt i gamlebrunnen.

035

I granskogen er det litt for mørkt til å ta bilder,men vi prøvde likevel.

No kom Irene og slo lag med oss også, andre turen i Gunnar-råsa i dag.

038

Gunnar og Frøydis.

042

Store maurtuer, skal tru kor mange som bur her?

043044

To kjekke skogstroll som passar på oss som går forbi.

048

Ute av granskogen og siste biten med lauvskog att.

049

Råsa snor seg oppover i fine svingar.

050

Gunnar fann ein gigantsopp.

Er det ein brunskrubb skal tru?

051

Kvileplassen vert flittigt brukt, her er det sesser til mange.

053

290 m.o.h, då er det ikkje så langt att.

055

No vert utsikta mot Sæbø flott.

056

Oppover ser vi Knutsgjølet og Lissjedalshornet som ruvar i bakgrunnen.

058

Fellesbilde ved steinen, flott gjeng ved Gunnar-råsa.

060

Gunnar skriv i boka, me kan med stoltheit registrere at det er mykje besøk i råsa i år også.

Godt jobba Gunnar.

062

Skåratausene.

063

Bodil, Gunn og Gunnar oppe ved Åseråsa,  men vi skal vidare mot Skonndalen.

064067

kari og Irene.                                                  Frøydis smakar på Skondalselva.

069068

Litt prat og ein ligg etter i løypa,                   men tyttebæret oppå tuva.......

071

So var det ned Knutsgjølet.

075

Storenakken med si flotte utsikt, og for ein gjeng! alle vart med på heile runda i dag.

077

Utsikta frå Korsabrua er verdt ein tur i seg sjølv.

Ekstra kjekt å ta bilde når byga ligg fram i dalen og held seg vekke frå oss.

079

Nede på Skogsvegen i Risebakkane, Kari, Marit og Bente.

Regnbyga ligg inni fjorden men kom aldri til oss.

Vi fekk kose oss i varmt flott haustavêr utan regn.

Tusen takk for turen, no minkar det på måndagsturane for i år, men vi har nokre att.

Neste måndag vert det tur til Olavshola, vel møtt!