Rundtur på Rekkedal og Risesetra.

016

Der nypene blømde så raudt at det "mætsja" raudejakkene i turfyljet, starta vi måndagsturen.

017

Med den gjævaste utsikta på Rekkedal, vert nok dette eit flott hus.

018

Vidare innover frå Stablehauen er det mykje lerk i skogen, små og store.

Marit og Kari i flott drev.

019

Med Årsethornet og Hauahornet i bakgrunnen vandra vi innover langs vegen.

023

Grøthornet i flott majestet framføre oss.

Marit, Kari, Alvhild og Ingebjørg.

029

Snart ser vi tvers over dalen til Aksla.

021

Ei sjeggete rogn står flott ved vegen.

035

Jolhornet og Kvasshornet er det melisdryss på.

045

Ei rekkje av perfekte juletre langs vegen, vi danna ring og trena litt på julesongane.

044

Ein perfekt juledekorasjon sto klar.

020031

Har nokon teke ein bit av flugesoppen? Gnafsa litt på piggsoppen?

030

Ser ut som drops!

025

Godt gjøymde kantarellar, nam.

043

Nye vårlege skudd på grana.

027

Ein røyskatt eller oter har vorte ei trerot?

033041

Ein blyg sopp, og tyttebærlyngen blomstrar og ber bær samstundes.

051034

Blåklokker og soppar i sjønn forening.

066

Storknebb med bløming i haustskyming, sjeldant.

 048

Snø i fjella og dalen opnar seg innover.

054

Snart er vi på Kvia.

055

Vips er vi over brua.

057

Fellesbildet denne gongen vart på Risesetra, store diskusjonar om fjell og dalar.

060

No er det på tide å rusle heimatt.

062

Styggebrauta er under reprasjon, store steinar må til for å halde på massene.

063

Vegen frå tidlegare ligg nedi elva.

064

Grøne markar og snø i toppane, eit merkelig år med sommar i buskane endå.

Fin vår, flott sommar og fantastisk haust.

Siste måndagsturen vert neste måndag, gamlevegen.

Søndag 5 oktober vert det avsluttningskveld med kos og premieutdeling, sett av kvelden og bli med på klubbhuset.

Takk for turen og vel møtt på neste, og siste.