Midtsommar
Vi hadde store planar om at vi skulle få finevêr og sol, slik at vi kunne ha ein triveleg gardsdag på Hjørundfjordheimen.
Kven skulle tru at alt skulle klaffe, og at alle vi spurde skulle seie ja?
Arnljot Frøland kom å sette opp hes til oss, Jørgine kunne å drage strengen så han fekk kyndig hjelp.
Linda kom med to flotte bukkar som attpå til var så tame at vi kunne klappe dei.
Mykje folk kom for å vere i lag med oss denne dagen, unge og gamle hjelpte til å hesje.
Det var spennande å klappe og mate bukkane.
Hesa vart stadig fullare, og mange jobba flittig.
Nye strengar måtte på.
Linda i stakk og forkled, ei skikkeleg slåttetaus.
Gras kom Kjell Frøland med, godt vi hadde rikeleg.
Ekte midtsommarsmotiv.
Oppvartning var det desse kjellene i stakk og forkled som sto for.
Svissrull, vafler og kaker, versegod å forsyn deg.
Bodil, Linda og bukken.
Standalfolket kunne å hesje.
Haldis serverer under arbeidet.
Valborg Hustadnes kom å hadde med seg utstyr til å kinne smør.
Varmt var det, så vatn måtte dyra ha.
Ingvild hadde med seg små lamb som vi fekk kike på, og klappe.
Eivind Berg hadde med seg trekkspel og gitar, musikk som svingte sytte han for.
Mange fylgde med på om det vart smør i kinna.
Valborg i hardt arbeid.
Haldis klar til dyst.
Folket kosa seg i finevêret.
Kakene smakte, og praten gjekk.
Mykje å lære for alle.
Dei eldste fylgde med om den yngre generasjon fekk til å hesje.
Mange folk i sving.
Kjekt med dyr og folk i lag.
Folksamt på tunet denne dagen.
Lamba fekk mykje klapp og kos.
Gråbukken kosa seg og beitte litt plengras i skuggen.
Dette var ein dag med mykje å kike på.
Triveleg kaffikos.
Bygningsarbeidarane våre som ordnar sprinkleranlegget, måtte ut å sjå kva som hende her.
Nysteikte vafler, Marit er kokke og servitør.
Elfrid måtte prøve kinning.
Litt dans til den fine musikken måtte prøvast.
Elias hadde dreis på riva.
Alexander måtte til å kinne litt, det er tungt arbeid.
Mange kom med gode råd, rømen var for fersk!
Dei som hadde kinna i "gamle dager" sa litt surmelk måtte i so.....
Jau minsanten, då tjukna det raskt, godt med fagfolk i tunet.
No har smøret klumpa seg, no skal der vaskast, so er det klart.
Alle som turde fekk smake saupet.
No er hesa full og alt graset er kome i strengane.
Bukken er fornøgd og glad.
Kjellene er so fornøgde med dagen at det kan ikkje seiast med ord.
Dette var triveleg for alle.
TUSEN TAKK TIL ALLE SOM VAR MED Å GJORDE DENNE DAGEN TIL EIN PERFEKT GARDSDAG PÅ HJØRUNDFJORDHEIMEN.
Kommentarar