01 Borna ber inn haustens frukter Familiegudstenes 02 DSC00898_1

Det er hausttakkefest og konfirmantar, born frå  1.klasse og Hjørundfjord barnekor kjem inn med haustens frukter.

03 DSC00900_1 04 Preika i familiegudstenesta_1

Etter at fruktkorger og fat vart plassert ved alterringen samlar Sokneprest Espen Aarseth borna til preike i gudstenesta. Tema er frå Markus 7,31-37 som handlar om den blinde og døve mannen frå Betsaida. Presten har med skattekista si, der han har hørselvern og øyreklokker for å symbolisere at preika denne dagen skal handle om då Jesus lækte den døvstumme mannen.

05 DSC00913_1

I bilder, figurar og ord, fekk presten all oppmerksomheit med dei lydhøre borna rundt seg.

08 DSC00919_1 09 DSC00920_1
10 DSC00921_1 11 DSC00922_1
12 DSC00923_1 13 DSC00924_1

Så var det 1.klassingane ved Sæbø skule sin tur. Elevane fekk utlevert kvar si bok som er ein del av Trusopplæringa for born og unge i Hjørundfjord.

14 DSC00927_1

Etter preika var det store forventning til Hjørundfjord barnekor som er på plass att etter Marie Austrheim kom att frå permisjon. I fyrste innslaget var Karoline Dimmen Årseth solist, og koret var på same gode nivået som vi huskar frå tidlegare. Dei klare og sterke barnestemmene gjorde eit sterkt inntrykk i kyrkjeromet. Songen heitte "Denne dåpen" Tekst Jan Ove Ulstein. Melodi og arr.: Marie Austrheim Riise

Etter Kunngjering, forbøn med syndsvedkjennig, takkoffer til Trusopplæringa for born i Hjørundfjord og Nattverd, var det nytt innslag få barnekoret.

16 DSC00941_1

Karoline Dimmen Årseth og Andrine Valset var solistar i det andre innslaget til Hjørundfjord barnekor. Songen heitte "Alle fargar din boge" Tekst Jan Ove Ulstein. Melodi og arr.: Marie Austrheim Riise

19 DSC00942_1 19.5 DSC00944_1

20 DSC00934_1

Så var det velsigning og sending frå alterringen. Rundt alterringen står korgene med frukt og grønsaker frå haustens frukter.

21 DSC00948 Lydmann Aanon Aanonsen_1

Og lydkvalitet i gudstenesta er svært viktig og det ordna lydmann Aanon Aanonsen på ein proff måte.

22 DSC00950 Kyrkjekaffe_1

Tilslutt var det kyrkjekaffi bakerst i kyrkja.

Foto: Ivar Svein Mo (alle foto kan klikkast på for stor størrelse)


Kunngjeringar denne gudtenesta:

-Neste gudsteneste er 12.oktober kl.16.00 ved spr Kjersti Eide Torstrup. Nattverd, offer til Kirkens Nødhjelp.

-TV-aksjon 19.oktober går i år til Kirkens Nødhjelp. Det trengst bøssebærar over 18 år. Påmelding skjer på www.blimed.no  Born og unge kan gå i følge med vaksne.


Medarbeidarar:


Prest:
Espen Aarseth

Kantor og leiart for Hjørundfjord barnekor: Marie Austrheim Riise

Sang og dekorasjon: Hjørundfjord barnekor

Lyd: Aanon Aanonsen

Medhjelparar: Konfirmantane

Kyrkjetenar: Ole Crhistian Johnsen

Kyrkjekaffi: Konfirmantforeldre