![]() |
![]() |
Det er hausttakkefest og konfirmantar, born frå 1.klasse og Hjørundfjord barnekor kjem inn med haustens frukter.
![]() |
![]() |
Etter at fruktkorger og fat vart plassert ved alterringen samlar Sokneprest Espen Aarseth borna til preike i gudstenesta. Tema er frå Markus 7,31-37 som handlar om den blinde og døve mannen frå Betsaida. Presten har med skattekista si, der han har hørselvern og øyreklokker for å symbolisere at preika denne dagen skal handle om då Jesus lækte den døvstumme mannen.
![]() |
I bilder, figurar og ord, fekk presten all oppmerksomheit med dei lydhøre borna rundt seg.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Så var det 1.klassingane ved Sæbø skule sin tur. Elevane fekk utlevert kvar si bok som er ein del av Trusopplæringa for born og unge i Hjørundfjord.
![]() |
Etter preika var det store forventning til Hjørundfjord barnekor som er på plass att etter Marie Austrheim kom att frå permisjon. I fyrste innslaget var Karoline Dimmen Årseth solist, og koret var på same gode nivået som vi huskar frå tidlegare. Dei klare og sterke barnestemmene gjorde eit sterkt inntrykk i kyrkjeromet. Songen heitte "Denne dåpen" Tekst Jan Ove Ulstein. Melodi og arr.: Marie Austrheim Riise
Etter Kunngjering, forbøn med syndsvedkjennig, takkoffer til Trusopplæringa for born i Hjørundfjord og Nattverd, var det nytt innslag få barnekoret.
![]() |
Karoline Dimmen Årseth og Andrine Valset var solistar i det andre innslaget til Hjørundfjord barnekor. Songen heitte "Alle fargar din boge" Tekst Jan Ove Ulstein. Melodi og arr.: Marie Austrheim Riise
![]() |
![]() |
![]() |
Så var det velsigning og sending frå alterringen. Rundt alterringen står korgene med frukt og grønsaker frå haustens frukter.
![]() |
Og lydkvalitet i gudstenesta er svært viktig og det ordna lydmann Aanon Aanonsen på ein proff måte.
![]() |
Tilslutt var det kyrkjekaffi bakerst i kyrkja.
Foto: Ivar Svein Mo (alle foto kan klikkast på for stor størrelse)
Kunngjeringar denne gudtenesta:
-Neste gudsteneste er 12.oktober kl.16.00 ved spr Kjersti Eide Torstrup. Nattverd, offer til Kirkens Nødhjelp.
-TV-aksjon 19.oktober går i år til Kirkens Nødhjelp. Det trengst bøssebærar over 18 år. Påmelding skjer på www.blimed.no Born og unge kan gå i følge med vaksne.
Medarbeidarar:
Prest: Espen Aarseth
Kantor og leiart for Hjørundfjord barnekor: Marie Austrheim Riise
Sang og dekorasjon: Hjørundfjord barnekor
Lyd: Aanon Aanonsen
Medhjelparar: Konfirmantane
Kyrkjetenar: Ole Crhistian Johnsen
Kyrkjekaffi: Konfirmantforeldre
Kommentarar