Komande laurdag er det den årlege Elverampemarsjen som er eit samarbeid mellom Trimgruppa i Sæbø IL og Bondalen Helselag.

Under mottoet "Søk prosjektstøtte i kraft av gode gjerningar"  er vi utplukka til Tussa sitt krafttak. Sæbø IL si gode gjerning i denne samanheng er å ta med oss bebuarane på Hjørundfjordheimen på Elverampemarsj. For er det noko idrettslaget har nok av så er det muskelkraft, viljekraft og turglede. Vi utfordrar alle aktive i Sæbø idrettslag om å stille på denne felles dugnaden, frå dei yngste på småbarnstrim til barneidrett, handball, fotball både aldersbestemt og A-lagspelarar til trimgruppa.
00110
Her er frå påmeldinga under Elverampemarsjen 2013, heldigvis er det lovd betre ver i år enn i fjor :-)
På Hjørundfjordheimen er dei utruleg flinke til det meste, akkurat no lever dei i tronge kår med ombygging/ montering av sprinkleranlegg. Difor er det ekstra kjekt å kunne hjelpe bebuarane med å kome seg ut i det fine haustveret.
Påmelding startar kl 14.45 og så er vi klar til marsj kl 15. Hjørundfjordheimen har ca 25 bebuarar som vil vere med, dei er klar mellom kl 15-15.30. Målet er å gå/ trille fram til dei første sitjebenkane langs Elverampa, der vert sett opp ei trimboks med bok i som vi ynskjer at ALLE skriv namnet sitt i. 
Også i år vert det sjølvsagt loddsal og kafe på klubbhuset. Skal tru om det er Haldis som steiker svele i 2014 også? Møt opp og sjå
00216
Ved at vi er uttrekt til dette Krafttaket er Sæbø IL sikra 1000,- i støtte frå Tussa, og til fleire stemmer vi får til meir støtte får vi. Dei har 90 000,- som vert fordelt mellom dei 10 utplukka krafttaka etter antall stemmer som ein får. Så no må vi jobbe med å gjennomføre krafttaket på ein god måte og få mest mulig publisitet rundt det slik at mange vil stemme på oss. Avstemminga føregår på facebook. Idrettslaget har mange prosjekt på gong, der bygging av kunstgrasbane er det største, så all økonomisk støtte kjem godt med.

AVSTEMMING OG FORDELING AV PENGESTØTTE

  • Publikum kan gi ei stemme kvar dag via Facebook eller på sida til prosjektet her på www.krafttaket.no i perioden 8. september – 30. september 2014
  • Alle bidrag som vert plukka ut til å delta får minimum 1 000 kroner. Resten av potten på 90 000 kroner blir fordelt i høve til talet på stemmer kvart prosjekt får
  • Den gode gjerninga må gjennomførast og dokumenterast for å få tildelt støtte

ENGASJER OMVERDA

Dei 10 utvalde prosjekta får si eiga side der ein kan leggje inn bilete og video frå arbeidet. Nytt gjerne Instagram, eller skriv eit innlegg på Facebook eller Twitter med emneknaggen til dykkar prosjekt, til dømes #Seniorkonsert om ein ønskjer å spele konsert for dei gamle på aldersheimen. (Er de usikre på korleis de gjer dette så kan vi hjelpe med det).

Heng opp plakatar, del den gode gjerninga med vener og familie, engasjer omverda for å få flest mogleg stemmer til den gode gjerninga dykkar!

Og hugs den største gleda du kan ha er å gjere andre glad.
Leiar Sæbø IL