Familietur til Stokkesetra.
Flott vêr og kjekke folk, ja dette skulle bli ein fantastisk familietur.
Alle var vi optimistar og klar til start.
Dei som var med: Monica og Bodil var turleiarar, Siw, Roy, Vegard og Torine, Kolbrun, Øystein, Joakim og Adrian, Linda, Eskil og Iver, Åse Lill og Oliver, Oddhild og Oddmund, og Bjørn Ove.
Eskil starta flokken, og Torine var rask og gå.
Lange steg over gjørma som er i starten, godt å vere lette på foten.
Joakim, Torine, Bjørn Ove og Vegard kikar på folla under steinen.
Harefollja hass "Jase-Pit" må vi sjå på. Oliver, Oddhild, Oddmund og Åse Lill kikar etter.
Linda, Kolbrun, Øystein, Siw og Roy, ventar gjerne på oss som skal sjå på "alt anna".
Monica sette etter dei kjappaste, dei nådde setra i ei viss fart. Vi andre måtte sjå litt på ting og tang under vegs.
Iver plukka masse blåbær, Torine fann to bittesmå rare soppar.
"Sjå"- der var det hestar og folk på Frølandsetra, og ein raudskrubb dukka opp.
Nokon som kjenner seg att, godt innzoooma?
Regnet kom sjølvsagt, det er vist tradisjon, men vi søkte ly under takrafta.
Vi fekk raskt fyr på bålet og då gløymde vi regnet, Linda er klar til å spidde pølser.
Det var alle dei andre og, og slik vert det pølsefest, dei vart varme og svarte akkurat skil dei skal vere.
Alle fekk plass, og vi dekte veden med plastposar så den heldt seg tørr.
Kjekkast å spidde sjølv, endå ein berre er tre år.
God fyr på bålet og våte ytterkle, snakk om god stemning likevel.
Det lysna litt opp, ja snart stoppa regnet.
Dei fleste hadde gode regnkle, og kosa seg i varmen rundt bålet.
Mmm.... Kvalitet, pølse med ketshup, Oddmund og Oliver kosa seg.
Adrian og Torine ventar på pannekake. Eskil med si eigea glupe opfinning for å halde seg tørr, ja det virka.
Kaffi og sigar, ja slik kan man ha det til seters, Øystein veit å kose seg.
Torine, Siw og Vegard har det triveleg.
Bodil manglar steikespade, og røra vart for tynn, men i mangel på mjøl tager man hva man haver og pannekakestropl vart det......
med sukker på, servert på reinvaska plastnett, smakte det supert.
Bjørn Ove slukte smakebiten, her må me steike meir.
Kos på Stokkesetra, Joakim, Bjørn Ove og Vegard.
Rikeleg med desse soppane, vi kalte dei kuruesoppa, for vi fann dei helst i kuruene.
Eskil, Iver og Torine.
Iver fann også blomsterlav i full bløming, knall oransje og vakkert.
Eskil tok over som kokk og pannekakene smakte endå betre.
Etter alt var ferdig må vi slukke bålet, dette var kjekt. Iver sjekkar om alt er røykfritt.
Då rusla vi heim, våte med bållukt men hadde hatt ei triveleg stund.
Litt posering i eit forvridd bjørketre, Iver og Bjørn Ove.
Ja takk for laget til alle dokke som gjorde dette til ein festdag på Stokkesetra, trass regnbyene.
Ein triveleg gjeng, godt det framleis finst optimistar som ikkje bryr seg om dårleg vêr, uansett klær!
Kommentarar