Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.
Nei, ei kjempemulte var det nok ikkje som låg ved kai ved hotellet på Sæbø onsdagskvelden, men ein kan lett forstå at forslaget kom.
![]() |
![]() |
Eit farty lasta med blåser | Mange blåser er det, men her ser vi at skipperen ombord trass alt har den sikta han treng. |
Eg måtte sjølvsagt ta nokre foto av fartyet ved hotellet. Og samstundes kom eg sjølvsagt til å tenkje på Donald Duck for mange, mange år sidan. Fleire av oss hugsar nok at i ein spesiell episoda i bladet der ein båt som hadde gått ned, vart heva igjen ved hjelp av ping-pong ballar.
Mens eg fotograferte, dukka der ein triveleg kar fram frå blåsene. Karen viste seg å vere Hans Petter Tysnes frå Smøla, busett i Molde. Tysnes er også skipper ombord på fartyet/sjarken som har namnet M/S "Klaus Ås" Du kan lese meir om båten her
M/S "Klaus Ås" vert brukt her i Hjørundfjorden under bygginga av den nye 420-kV linja, som i desse dagar er i ferd med å verte strekt over fjorden frå Ytre-Standal. Og kva med alle blåsene? Jau, dei skal hindre at dei ulike partane/kablane ikkje sekk til botnar før dei kjem opp i lufta, kan Tysnes fortelje.
![]() |
Den hyggelege skipperen og båteigaren Hans Petter Tysnes frå Smøla og Molde |
No kan ikkje Tysnes få fullrost både sommaren og Hjørundfjorden, men han kan i alle høve ikkje vere nokon latsabb. Nei, arbeidet ombord på M/S "Klaus Ås" er noko han gjer på fritida si. Det faste arbeidet hans er ombord på Havforskingsinstituttet sin "G.O. Sars". Sjå meir her.
Og eit spørsmål til slutt: Kor mange blåser trur du Hans Petter Tysnes hadde ombord i båten sin onsdagskvelden? Eit lite hint; det var truleg ingen fare for at denne båten skulle gå ned denne kvelden...
Kommentarar