Hausten er loppemarknadstid, også på Sæbø.

Helga 13 og 14 september er det for femte gong duka for loppemarknad på Sæbø bedehus.

Vi er mange som ser fram til, og gledar oss til denne store begivenheita. Sjølv om det er mange timars arbeid både før, under og etter ein loppemarknad, så er det både sosialt og hyggeleg å få vere ein del av dette arrangementet. Det er styret for Sæbø bedehus som står for loppemarknaden. Vi greier ikkje eit slikt løft åleine og er svært takksame for at damene på strikkekafeen, og mange andre frivillige medarbeidarar stiller opp. Nye er også velkomne så berre ta kontakt om du har lyst til å vere med.

Loppemarknad er ei fin anledning til å få rydda opp i huset. Ting og tang som du er lei av eller har stua vekk, kan faktisk hos ein annan vere akkurat prikken over ien i den ny-opp- pussa stova. Vi tek imot lopper på bedehuset kvar kveld den siste veka fram mot den 13 september. Vi ynskjer å kunne byde på eit stort utval av lopper. Gjenstandar frå 60 og 70 talet har vore i vinden, men no er og 80 talet også på mote. Vi tek imot kjøkenutstyr, koppar og kar, leiker, spel, bøker, raritetar og nips. Kle i alle fasongar tek vi og imot, men alt må vere i orden og salgbart. Vi kan ikkje ta imot kvitevarer, store møblar eller gamle TV og pcskjermar.

I kjellarstova vert det som føregåande år lagt opp til kafe, med deilige kaker og smørbrød. Laurdagen vert det og sal av rjømegraut.

Bedehuset på Sæbø har dei siste åra vore mykje i bruk også til utleige av konfirmasjonar, minnesamver, selskap o.l. Dette ynskjer vi kan fortsette og at huset er atraktivt og kan brukast til mange ulike anledningar. Vi har klart å oppgradere huset og pussa opp litt kvart år. I år har alle vindauga i storesalen oppe vorte skifta ut. Difor kjem inntekta frå loppemarknaden svært godt med. Så vår oppfordring til deg er: Gjer som mange andre. Lever tre kasser med lopper men la deg friste til å få nokre ” nye” lopper med heim. Vi sjåast på Sæbø.

Helsing styret for Sæbø bedehus.