Vasstøylen og Langhorndalen.
Nore dropar prøvde seg på bilruta medan vi kjøyrde oppover Kvistaddalen, men det letta og vi sette i veg mot målet.
Råsa er velbrukt og god, sikkert av både folk og fe.
Sjølv spreke folk kan ta ei kjapp pause so at dei kjem på bilde i samla flokk.
Fred var som vanleg "hare".
Kjent motiv?
Minner ikkje dette litt om Soria moria?
Ansgar kikar på skiltet, kva står det her?
Her kan du lese, kjekt å vite.
Gjetarbuda som Jon Kvistad bygde, vi måtte ein tur nedom å sjå.
Den ligg på ein idyllisk plass, velvalgt og lunt.
Dei to spreke "haredamene" var snart komne til posten på Vasstøylen.
Ja her var det skriving i boka, og litt godt prat.
Spegelblankt vatn, ja det frista å ta eit bad, men målet ligg på høgda bakom så det med bading tek vi ein annan gong.
Lyngen har allereide fått raudfarge somme stader.
Skrubbebæra lyser signalraudt i lyngen.
Vi vandra vidare rundt vatnet.
Flotte fossar frå kvasse fjell.
Høgda kjem nermare og nermare.
Kva leiter damene etter her skal tru?
Stooore, flotte, modne, søte blåbær.
Utsikta vert flottare dess høgare vi kjem.
Siste bratta mot målet, vi ser like til Stokke.
Målet er nådd, Bodil, Kanutte, Kari, Ansgar, Haldis og Fred.
Etter litt drikke og noke å bite i var vi klar for heimveg.
Turen gjekk lett og vi kjem snart att for å plukke litt av den flotte blåbæra som var der.
Tusen takk for laget.
Neste tur er Gunnar-råsa og Storenakken, ein "gammal" slager.
Vel møtt!
Kommentarar