Vil du lære å brodere og montere bunadsjorte?

I regi av Ørsta husflidslag skal vi ha eit kurs som går frå september til mai.

Du må sjølv kjøpe materiale til den skjorta du vil sy, og ha gjerne med lupe.

Gullbjørg vil vere instruktør og kurset vil vere på Sæbø bedehus.

Vi startar kl 1800 og "kursar"i tre timar, datoane vidare får du på fyrste kurskvelden.

Kursavgifta vert kr 1000,- for heile kurset.

Meld deg på innan 29 august, få plassar att så fyrst til mølla....

Dei som har vore i kontakt med meg tidlegare ang. dette kurset ta kontakt att så eg får bekrefta at du skal vere med.

Påmelding og spørsmål om kvar du får kjøpt materiell eller anna:

Bodil 95906493