Det vert ein svært spanande haust i barnekoret. Ørsta kyrkje feirar 150-års jubileum i år. Dette skal Hjørundfjord barnekor vere med å feire. Soknerådet i Ørsta har tinga eit bestillingsverk: Syngjespelet «Høyr kor kyrkjeklokka lokkar». Forfatter og poet Jan Ove Ulstein har skrive tekstene og kantor Marie Austrheim Riise har komponert musikken.

Syngjespelet er skrive for lokale barnekor, prosjektkor, solistar og musikarar. Det vert eit storslått arrangement med rundt 100 aktørar, som skal framførast siste helga i november. Og du må tru det vert kjekt å vere med på dette!

Gjennom syngjespelet  ynskjer vi å løfte fram den kyrkjelege og kulturelle arven i Ørsta med Berte Kanutte  Aarflot og Anders Hovden. Desse to får vi også møte i syngjespelet. Berte Kanutte kjem attende til vår tid for å sjå «nyekyrkja», medan Anders Hovden vil rappe frå preikestolen. Vidare vil vi få høyre «murarane» og «snikkarane» som bygde Ørsta kyrkje. Vi får vere med brudeparet som skal «gifte seg», og  kanskje får vi også høyre «gamleklokka» slå? Ikkje minst vil vi få lære mykje om kyrkja.  Kven var det eigentleg som bygde henne? Og kven er det som gøymer seg  inni sjølve alteret?

Komponist Marie Austrheim Riise har vore oppteken av å lage musikk som ikkje er  for vanskeleg å syngje, verken for barnekor eller prosjektkor. Det vil seie at dei aller fleste kan ta del i det nyskrivne verket, både  born, unge og vaksne.  Song er ikkje berre forbeholdt nokre få talentfulle songarar, alle kan synge.  Det viktigaste er å dyrke fram songgleda! Og det skal vi verkeleg gjere denne hausten. 
Vi oppfodrar alle som vil ta del i dette prosjektet til å møte opp på øvingane til Hjørundfjord barnekor.

Sidan vi skal ha eit så stort og  spanande prosjekt dette året, vil vi også oppfordre tidlegare songarar i Hjørundfjord barnekor til å vere med. Vi har lyst at også større born og ungdom kan vere med å syngje i koret dette året.  Hjørundfjord barnekor er frå 1.klasse og oppover, men det er inga «øvre grense» for barnekoret denne hausten, så her er alle velkomne.  Vi ynskjer også nye born, unge og ungdom velkomne.

Dersom foreldre, tanter/onklar eller besteforeldre  har lyst å vere med å ta del i det nyskrivne syngjespelet, så oppfordrar vi dykk til å vere med i prosjektkoret/jubileumskoret som øver kvar onsdag kl.19.00-21.00 i Ørsta kyrkje. Vi treng både songglade menn og kvinner! Dette er også ein kjekk måte å syngje i lag med borna på. Barnekoret og prosjektkoret skal syngje mange av songane i lag. På denne måten kan ein vere med på noko kjekt i lag, både små og store. Sjå omtale og annonse om prosjektkoret  i Møre- Nytt komande laurdag.

Barnekoret skal også i løpet av hausten syngje på gudstenester i Hjørundfjord kyrkje og på Hjørundfjordheimen. Dette vert også veldig kjekt å vere med på!

Første øving med barnekoret vert torsdag 21.aug kl. 15.00 på Sæbø bedehus. Borna og ungdommane  som vil vere med i koret kan gå rett frå skulen til bedehuset. Der vil det vere ope frå ca 14.30, slik at ein kan sette seg inn og ete matpakken sin før koret byrjar kl.15.00. NB: Det vert ikkje laga til mat, så dette må ein ha med seg sjølv.

Velkomen til ein fantastisk kjekk haust!