Årskogstøylen og Keipen.

001

Etter ein regnfull føremiddag, vart det finevër når måndagsturen nerma seg.

Lettkledde og smilande rusla vi oppover frå Heimsteholen.

003

Dette ledet er særmerket på denne dalen, ingen tvil.

004

Maurtuene er gigantiske, fleire stadar i granskogen.

005

Grusvegen opp, dei fleste meiner dette er den tyngste biten.

007

Råsa vidare i zik-zak, litt lettare og mindre bratt.

008

Ei lita pause vart det rom for, Ann Helene, Jonny, Haldis og Fred.

009

Helga og Janneche.

010

Kanutte og Kari.

012

Elva med drikkepause, og sjølvsagt godt prat.

013

Jonny fyller drikkeflaska i "ungdomskilden".

014

Ei av fleire hellarar som vi kan låne med saudene, viss styggevëret kjem.

016

På Årskogstøylen sat Monica og venta på oss.

017

No vart det skriving i boka, og ein liten diskusjon om...

Meiner du Bodil at vi skal på Keipen, rekk vi det, greier vi det?

020

Tyttebæret opp på tua.....

021

Ein frosk i eit tre, kansje flygefrosk...?

022

Klart vi kan...

023

Siste skikkelege plass å fylle opp flaskene no.

025

God drikke dette.

026

Litt dugnad undervegs, skikkeleg vardebygging for å merke der ein skal ta av mot Keipen.

028

Godkjent!

Fred og Jonny gir klarsignal.

029

Flott terreng opp over bakken mot Keipen.

031

God rås med små vardar, råsa har vore der i "hundrede år "

032

Det brattast til etter kvart.

035

Vinden friskna, så no måtte jakkene på.

036

Fram i dalen låg svarteveggen og bya nerma seg med harde kast.

037

Vakkert med styggevêr, på avstand.

038

Nedi fjorden såg vi byga med skikkeleg regn.

040

Ho nerma seg raskt, regnbyga.

042043

So kom regnbogen.

045

Kjapt var byga over , og toppen var innen rekkevidde, dette skal gå.

049

Framleis regn nedi dalen, vi naut sola og regnbogen.

050

Haldis i ura.

052

Endeleg toppen, i flotte fargar til og med.

053

Fellesbilde med dalen i bakgrunnen, der er begrensa plass på toppen.

Bodil, Monica, Helga, Fred, Haldis, Jonny, Ann Helene, Kanutte, Janneche og Kari.

055

Fyrste gong på Keipen, yessss....

Kanutte, Kari og Janneche.

064

Tre trolltaske som åler seg opp til boksa, Bodil, Haldis og Ann Helene.

067

Dette bildet vert eg aldri lei av, i all slags vêr og fargar.

059

Staute ungdom mellom staute toppar.

Kari og Haldis.

074

Langt nede på kanten ser vi flokken på heimveg. No er det slutt på bildetakinga og å nyte utsikta, sett turen heimatt.

076

Under tinderekka til Lissjedalshornet, Jonny, Haldis og Ann Helene.

No starta so vidt skyminga, vi kom oss trygt heim før det mørkna.

Flott tur med spreke folk, ein av dei vi seint vil gløyme.

Tusen takk for at de let dokke overtale til å bestige Keipen.

Neste måndag er det tur på Høgenausa, slå deg med då vel.

VEL MØTT!