Grøthaugen.
Bernt Arve, Janneche, Hilde og eg.
Det regna litt skodderegn, og vi var sikre på det ville lette når vi kom opp.
Mykje regn siste dagane har fyllt opp elvane, men vi les lite om rimlegare straum i "blada".
Frodigt og grønt i skog og mark.
Kyr på beite viser vegen opp etter granskogen.
Hilde balanserar på planken over elva.
Rette steg- "her gjeld det å halde tunga i rett munn"- som ho sa tausa.
Her kjem resene saman, den frå Moane og den lenger nede som vi gjekk.
På skiltet bak Hilde står.......
Grei tale.
Til og med kuruene var fulle av regn.
Lita drikkepause under ein granparasoll.
På eit område på ca 50 meter fann vi minst 10-12 kvite skogsniglar, kan det vere eit biologisk sensasjonellt fenomen?
Bernt Arve kasta hetta, for no lysna det litt.
Fleire flotte rasteplassar på vegen opp.
Litt pause og prøvesitjing her....
Og litt prøvesitjing der.
Ut av skoddehavet på andre sida dukka plutselig Grøtdalstindane opp.
I skoddedimen framføre oss der dukka Bernt Arve og varden opp.
So kom sola, litt forsiktigt fyrst.
Eit fellesbilde i motsol, no vart det klarare rundt oss.
Som vi trudde letta det når vi kom opp, snakk om flaks.
Mot fjorden ser vi skodda forsvinn og legg att eit trollsk slør over dalen.
Ja, Grøthaugen kan overraske.
Tusen takk for laget, vi kosa oss på tur i varmen trass litt skodderegn.
Flott utsikt vart det til slutt likevel.
Husk turen til Bondalsbakken på torsdag, obs. gode sko (ikkje symjeføter)
Vel møtt!
Kommentarar