Etter oppmoding frå Vartdal sokneråd og kyrkjemedlemmer på Hjørundfjordstranda, kallar Hjørundfjord sokneråd inn til soknemøte kl 20.30, søndag den 31. august i Hjørundfjord kyrkje, etter gudstenesta. Dei som endringane gjeld, får dette tilsendt i brev, og er dermed særskilt inviterte til soknemøtet.

Sak på soknemøtet er "Endring av soknegrenser på Hjørundfjordstranda". Forslag til vedtak er at "Alle som bur på Hjørundfjordstranda får endra medlemskap frå Hjørundfjord sokn til Vartdal sokn." Forslaget vert introdusert, og etterpå stemmer ein over det.

http://www.hjorundfjord.no/grafikk/artiklar/kraftlinja_paa_hjoerundfjordstranda_13.jpg

Hjørundfjordstranda sett frå Trandal. Frå v. ser me Standal, Stavset og YtreStandal

Sjølv om vedtaket går gjennom, er det bispedømmerådet som vedtek endringa, og som så sender melding til departement slik at dette vert formalisert i alle offentlege system. Dette bør være på plass ved neste val hausten 2015.
Bakgrunnen for endringa er geografiske og praktiske tilhøve. Dei fleste som bur i området soknar i praksis allereie til Vartdal. Informasjon frå kyrkja om  tilbod til barn og unge vert utsendt frå Vartdal kyrkjelyd til desse bustadane. Men formelt sett høyrer dei til Hjørundfjord sokn. Det medfører at dei som bur i området stemmar lokalt ved kommune- og stortingsval, men ved val av sokneråd og bispedømmeråd, må dei heilt til Sæbø for å stemme. Dette vil ein sleppe ved denne endringa av grensene. Ein vil og kunne være medlem av utval og sokneråd i Vartdal utan å måtte søke om unntak for dette.

Elles vil ein fortsatt kunne gå til gudsteneste, dåp, vigsel, ha grav og gravferd, kvar ein vil i alle kyrkjene i Ørsta, slik som før.


Andre saker til soknemøtet skal være innmeldt til soknerådet på postmottak@orsta.kyrkja.no seinast 3 uker før møtet, og det vert annonsert på www.ikyrkja.no og i Mørenytt.


Med helsing Hjørundfjord sokneråd