Ho skriv:

"Fredag må du benke deg foran boksa, og gjerne sende varsel på Hjørundfjordportalen også.

Jeg synes det tok lang tid med publiseringa, men den som venter på noe godt……. "


Eg tillet meg å sende denne oppmodinga til lesarane av portalen.  Eg vonar at ein får fram bodskapen om lokalhistoria som knyter seg til denne trefiguren som truleg er ca. 400 år gammal.

I pinsa vart den hengd opp på kyrkjeveggen (vestveggen) og ei tekst fortel og om saka.

Om du vil vite meir om kjelda bak desse opplysningane, slår du opp i Kultursoga for Hjørundfjord, bind 1 side 352.  Vidare finn du stoff i heftet: Ragnar Standal: "Hjørundfjord Kyrkje 1880-1980".  Ein artikkel i Møre-Nytt i siste julenummeret fortel meir.

P1060453

Her står den ca. 40 cm høge trefiguren framfor fronten av lesepulten i kyrkja. Dette var opprinneleg preikestolen i gamlekyrkje. Begge desse eldgamle  gjenstandane vart auksjonerte bort i 1880. Andreas Kvistad kjøpte preikestolen for 4 kr 10 øre.