logoUC3grey[1]

Flott logo

Opplysningar om campingtilbodet finn ein ved innkøyringa til plassen og på heimesida www.urkecamping.no.

P1070361

Oppslagstavla orienterer om administrasjon av plassen, bookingsmåtar og prisar for hytteleige, campingvogner og bil, bobil og telt.

Campingplassen ligg sentralt i bygda med kort veg til butikk og har lett tilkomst. Arealet er avgrensa, men området aust for hyttene gir rom for plassering av telt, campingvogn og bobil. Framtida vil vise om ein kan utvide området for å skape eit meir omfattande tilbod med faste plassar for vogner og bobilar.

P1070359

Urke Camping med nokre av dei nyleg renoverte hyttene. I bakgrunnen ser vi Saksa ca. 1000 moh.

P1070362

Det er ordna med grillplass, leikestativ og sandkasse. Utanom hyttene finn ein sanitæranlegg med dusj og toalett.



Opprustninga av campingplassen kom i stand tidleg i sommar ved at Urke Grendalag tok på seg å organisere ein omfattande dugnad for å stelle i betre stand anlegget som då hadde vore ute av drift nokre år.


Det som utløyste innsatsviljen hos bygdefolket og andre støttespelarar, var eit raust tilbod frå Kjellfrid Prestegarden om å få stilt hyttene og området til gratis disposisjon under føresetnad av at overskotet av drifta skulle tilfalle Urke Landhandel. Dette hadde sin bakgrunn i ønskjet om å få ny drift av plassen og samtidig styrke driftsgrunnlaget for butikken - som er eigd av folket på Urke.

Det var onkel til Kjellfrid, Knut H. Urke, som starta opp med 2-3 små campinghytter og teltplass på 1950-talet. Han utvida med ei hytte i tillegg mest årleg og fekk mange faste kundar - særleg frå Tyskland. Det vert fortalt at ein og same person hadde same hytta i 30 somrar.

Kjellfrid og Jo Prestegarden overtok garden og campingplassen etter Knut og bygde vidare ut betre tekniske anlegg og sanitæranlegget. Då Jo døde, måtte Kjellfrid innsjå at det vart for krevjande å drive vidare. Ho heldt ut til ovanfornemnde tysker døde og deretter vart campingplassen avvikla.

Det er gledeleg å vere vitne til at det etter berre få veker vert meldt om svært stor interesse med godt belegg på den nyopna campingplassen. Og det er vel heller ikkje så rart når plassen ligg på Urke: "Verdas vakraste bygd ved verdens flottaste fjord!" - slik det er uttrykt på heimnesida til Urke Camping.

Sjå berre utsikta mot vest:

Bilde 011 - Kopi

Urke Grendalag ønskjer å lage ei informasjonsbrosjyre som skal ligge i kvar hytte. Den vil innehalde opplysningar om fjella, folket, historie og aktuelle tilbod til dei som vitjar bygda. Her er utsikta mot vest frå innkøyringa til campingsplassen. Urke kraftverk i framgrunnen er og eit sjåverdig objekt for tilreisande.