IMG_1593 IMG_1594

Vi var fem som møttest på parkeringsplassen på Hustadneset, det sipa og regna litt, fin temperatur.

IMG_1595

Når vi kom opp i enden av beitet dukka det opp tre damer til. Her står eit skilt som viser kvar ein skal ta av frå traktorvegen og opp gjennom granskogen.

IMG_1599

I dag var det litt vått og nokså sleipt i granskogen, då er det godt å ha gode sko og gjerne stavar. Vi ga oss god tid, stoppa og fekk att pusten før vi starta på råsa som krokar seg så fint gjennom luftig lauvskog.

IMG_1602

Blide damer på Lisjehaugen. Her ligg ein del velta graner, men ikkje noke problem å komme seg forbi og finne att råsa.

IMG_1603 IMG_1605

Det vart ikkje lange pausene, på slike dagar vert ein fort kald. Damene nyt utsikta mot Lekneset og Nordangsfjorden.

Når vi nærma oss toppen møtte vi Siv, Roy og Torine, dei hadde tjuvstarta og var på veg nedatt.

IMG_1606

Fellesbilde ved postboksa på toppen: Bente Kristin frå Åmdalen, Wenche frå Sæbøneset, Ann Helene frå Sæbøneset, Ellen frå Holmestrand, Kanutte frå Sæbø, Unni frå Trondheim, framme: Mariann frå Porsgrunn og Haldis frå Sæbø. No hadde skodda tetna godt til og det var ikkje mykje utsikt lenger.

IMG_1607

Posering, lang rekke på ei gammal bjørk!!

IMG_1609

Wenche strålar som ei sol, ho har kome over ei gullgruve, store flotte kantarellar. Mor Nutte i bakgrunnen, ho har hendene fulle. Resultatet vart ein full brødpose av skogens gull.

IMG_1614

Takk til alle som møtte opp!!

Vi minner om Familieturen til Stokkesetra i morgon, frå parkeringsplassen i Stokkedalen kl. 14.00.

Neste mandagstur den 4. august går til Grøthaugen.

Vel møtt!