Arrangementet er lagt til laurdag, 2. august frå tidleg morgon og så langt utover som det høver.  Vi veit at både fredagskvelden og ut over søndagen blir mykje folk i bygda.

Plakaten

Plakaten varslar at vi skal ha det triveleg på Urke


Det er fokus på TRIVSEL  for både store og små, seier ein av planleggarane, Tone Petra Rønning. Frå kl. 11 laurdag blir det nokre timar med  aktivitetar for borna, sal av kaffi og kaker og tombola på Brua-parken.

dugnad_og_anna_0161[1]

Dorit Rønning, leiar i Urke Grendalag, har ansvar for arrangementet

hSQezBVP3kr5Vcs5YjSWqA_eKksrGBS2-DN1Gl-a9yUg[1]

Tone Petra Rønning gjer alt ho kan for å få på plass gode tilbod for den yngre garde


Men alt frå laurdagsmorgonen kl. 08 startar fjellranglarane med sin noko krevjande fjelltur på vestsida av fjorden. Jens Arve Forbord skal leie ei sterk gruppe frå Skår, opp og sørover og til topps på Otålhornet (som vert kalla Bjønnaøyra i Urke-bygda). Retur nordover Kjerringøyrene , Maratind og Litlehornet og tilbake til Skår.

Bilde 011

I år går fjellturen til 4 av toppane i fjellmassivet sør for Skår


På kvelden blir det samling på Grendahuset med allsidig program og sal av varm mat og kaker, utlodding, song, musikk og dans. Musikk ved Knut Øyvind Myklebust, Hallstein Stennes og Hallvard Urke. Nok ei triveleg helg på Urke  er i vente 2. august!