IMG_1320 Vi var seks ungdommar i vår beste alder som tok laust frå parkeringsplassen, tre frå Norge og tre frå Tyskland.

IMG_1321 IMG_1322Ikkje så mykje blåbær å sjå, men dei vi fann var søte og gode.

IMG_1323  IMG_1335  IMG_1339

Etter ein liten stopp og omvisning ved den gamle røyskattfella var vi straks komne inn på Stokkesetra. Der brukar vi å ta oss ein pust i bakken, denne gongen i godt selskap.

IMG_1336  Alvhild trudde kanskje ho hadde eit kvart godt i sekken som kyra kunne smake.

IMG_1347Innskriving i turbøkene høyrer med når trimgruppa er på tur!!

IMG_1358Haldis, Alvhild, Arite, Manuela og Reini.

Arite og Reini kjem frå Ostriz i Tyskland og ferierer på Holen hos Manuela, dei er begeistra for den norske naturen og glade i å gå tur.

IMG_1352  IMG_1353

Drikkepause med ein ny vri

IMG_1357

På fellesbildet ser vi Alvhild, Arite, Reini, Ann Helene, Manuela og Haldis. Det vart eit kaldare drag i lufta og det tjukna til så vi valde å snu her. Og jammen fekk vi oss ei god bløyte denne gongen også.

IMG_1359  IMG_1361

På heimveg.

Blått lag frå Tyskland låg lenge i ledelsen, medan raudt lag frå Norge hala innpå.

IMG_1363Endå ei fin ku å ta bilder av.

IMG_1367Vegvoktarane i Stokkedalen passar nøye på  kven som får sleppe forbi.

IMG_1369Ver so snill å flytte deg då?

Takk for ein fin kveld i godt lag!

Vel møtt til ny trimtur mandag 7. juli, då møtest vi i Fonnvernet og går opp Gunnar-råsa og nedatt Åse-råsa mot Sæbøneset.