Vi var seks ungdommar i vår beste alder som tok laust frå parkeringsplassen, tre frå Norge og tre frå Tyskland.
Ikkje så mykje blåbær å sjå, men dei vi fann var søte og gode.
Etter ein liten stopp og omvisning ved den gamle røyskattfella var vi straks komne inn på Stokkesetra. Der brukar vi å ta oss ein pust i bakken, denne gongen i godt selskap.
Alvhild trudde kanskje ho hadde eit kvart godt i sekken som kyra kunne smake.
Innskriving i turbøkene høyrer med når trimgruppa er på tur!!
Haldis, Alvhild, Arite, Manuela og Reini.
Arite og Reini kjem frå Ostriz i Tyskland og ferierer på Holen hos Manuela, dei er begeistra for den norske naturen og glade i å gå tur.
Drikkepause med ein ny vri
På fellesbildet ser vi Alvhild, Arite, Reini, Ann Helene, Manuela og Haldis. Det vart eit kaldare drag i lufta og det tjukna til så vi valde å snu her. Og jammen fekk vi oss ei god bløyte denne gongen også.
På heimveg.
Blått lag frå Tyskland låg lenge i ledelsen, medan raudt lag frå Norge hala innpå.
Endå ei fin ku å ta bilder av.
Vegvoktarane i Stokkedalen passar nøye på kven som får sleppe forbi.
Takk for ein fin kveld i godt lag!
Vel møtt til ny trimtur mandag 7. juli, då møtest vi i Fonnvernet og går opp Gunnar-råsa og nedatt Åse-råsa mot Sæbøneset.
Kommentarar