Kårdalstindane tysdag 29.juli
Kårdalstindane har i tidlegare år våre eit litt ukjent og lite brukt fjell. Det er mange som no finn vegen opp på toppen og nyt den eventyrleg utsikt utover Hjørundfjorden. Dei fleste går same vegen ned som opp. Før nedturen tek Tind & Tare og Hjørundfjord Adventures deg med på ein rundtur på fjellplatået, vi går vestover til Vår Herre`s Skosyl og Årviktindane. Utsikta ein får frå Årviktindane over Hjørundfjorden og indre delar av fjorden er plukka frå øvste hylle. Turen starter frå Sellereite på Leira.

https://www.facebook.com/events/1510489409167464/?ref_dashboard_filter=upcoming

Den Store Rundturen torsdag 31.juli
Den Store Rundturen er ein tur som har vore arrangert torsdag i festivalveka i mange år. Turen er veldig populær, det har vore stort oppmøte jamvel venteliste. Turen har gått i nytt terreng kvart år, i år er det Dukhornet og Kjerringkjeftane som får besøk. 
Turen starter på god rås i ”Bakken” Bakkedalsvegen på Finnes og går til Dukhornet, deretter over Russadalen til Kjerringkjeftane. På heimveg går vi ned den vakre Russadalen. Etter turen vert det høve til å kjøpe seg middag på Hjørundfjord Vandrerhjem Bjørke, dette må bestillast ved påmelding på turen.

https://www.facebook.com/events/1435880363355344/?ref_dashboard_filter=upcoming

Familietur til Gildrehammaren – Tverrberget – Ring fredag 1.august
Turen starter frå parkeringsplassen øvst i Kleppevegen i Volda og er lagt opp som ein liten rundtur. Frå Gildrehamm er det ei fantastisk utsikt over Volda, på det høgaste punktet Ring ( 511 moh) er det flott utsikt over Ørsta og ut Ørstafjorden. På heile turen går vi gjennom fint og lett terreng der tempoet vert tilpassa dei minste.

https://www.facebook.com/events/704577726244396/?ref_dashboard_filter=upcoming&source=1

Matøskja søndag 3.august
Vi avsluttar vårt turprogram i Naturfestivalen med topptur til Matøskja. Matøskja er høgste toppen i eit stort fjellmassiv mellom Høydalen og Bjørkedalen og er det 5. høgaste fjellet i Volda kommune. Matøskja er ein populært vårskitur og det er kanskje ikkje så mange som tek turen med fjellsko. Turen starter frå enden av bomvegen (under Lauvhaugsætra) som går opp frå Øvsteberget.

https://www.facebook.com/events/784885618198472/?ref_dashboard_filter=upcoming

Hjørundfjord Adventures og Tind & Tare ynskjer alle velkomne på tur. Vi legg til rette for at alle skal ha det trivelig i lag med oss.

Bente Christin & Hildegunn