Ein overgangstur frå Standal til Holen.

Vi starta frå fergekaia på Sæbø, ferga gjekk 9.10 til Standal.

Ein turvand gjeng som stillte opp: Bodil, Ståle, Per, Ingebjørg og ei Bodil til (meg).

Ikkje verst å starte turen med frukost og cruise på Hjørundfjorden, ei skikkeleg opplading.

015

Frå Standal fergekai gjekk turen opp til andre svingen på vegen, liten oppvarmingstur på ca 20 min.

016

Siste utsikt til Standal frå vegen før vi starta på råsa oppover langs elva.

018

Gjennom skogen hadde vi jamn og god fart, ein gjeng i god form dette.

020

Flott utsikt over Standal når vi nerma oss høgda der vi vanlegvis kryssar elva, vi ville krysse elva seinare då eg hadde ein "plan".

Bodil, Ståle, Per og Ingebjørg.

022

Bodil likte seg godt på turen, her ser vi breen under Kolåstinden,den er ikkje stor.

023

Per nyt utsikta, her ser vi Fladalen med røyrgata opp til demninga til kraftverket.

024

Litt vind kom smygande no når vi hadde det så fint og flott, då hadde vi på jakkene. 

025

Byga kom frå Bondalen og gjennom Nøvedalen og nerma seg raskt.

027

Like kjapt som regnet kom var det fint att, vi gjekk denne sida av elva for planen var å raste på gamle Holesetra.

Dette var ein god plan, vi sat varmt og tørt, god mat og drikke og triveleg prat.

031

Etter pausa gjekk vi vidare mot Høgereset, 

032

Per med Setretindane i bakgrunnen, til høgre ser vi Langenestinden og Geithornet.

033

Ingebjørg og Bodil, bak ser vi Nøvedalsvatnet og over Høgresetind/ Nøvedalstinden.

034

Ståle og Nonshornet kneisar i lag.

037

Flott rås, flokken går forbi Grønevatnet.

038

På Høgereset bles det godt, så vi skreiv oss i boka og sette kursen mot Bjønnalauget.

040

Bjønnalauget var lunka, men bading frista ikkje for vinden var litt i friskaste laget, kansje ein annan dag?

046

Ståle og Per vart imponerte over Holekonevatnet, bratt djupt og grønt.

047

Majestetisk syn med elva som brusar nedi vatnet.

049

Under Årskogstøylen måtte vi drikke litt av elva med verdas beste vatn.

051

Også kjekke turar må ha ein ende, det vart ein svært så triveleg tur.

Ikkje berre hadde vi det kjekt og langt betre enn vêrmeldingane hadde spådd, men vi gjekk ein time fortare enn berekna, snakk om perfekt turfylje.

Tusen takk for laget, dette vart ein tur vi vil minnast med glede.

Torsdag vert det tur til tua på Hustadneset, fredag vert det familietur til Stokkesetra.

VEL MØTT!