Namn: Mailene Almklov Kvalsvik

Alder: 35 år

Frå: Vanylven- Åheim

Bustad: Volda

Sivilstand: Gift og har 3 born

Yrke: Rektor

Arbeidsplass: Sæbø Skule

Tidl.arbeidspl.:
Bratteberg Skule Volda

Fritid: Gå i fjell og natur, barne og ungdomsarbeid i kristen regi. Kordirigent for born 1.-6. klasse

Mailene


Det vart eit lite møte med den nye rektoren på Sæbø skule før ho reiser på ferie til Spania i dag.


Kva får deg til å seie opp stillinga som lærar og dei 2 siste åra som assisterande rektor på Bratteberg skule til fordel for sæbøskulen?

Det er noke med Sæbø og Hjørundfjorden som ligg meg nært. Eg har godt kjennskap til bygda og har gått mykje i fjella og også ofte tatt meg turar til Sæbø. Dette med fellesskapen som er her og dugnadsånda, er noke heilt spesielt for meg.

Eg hadde ein flott jobb i Volda på ein skule med 200 elevar så det vert ein liten overgong til 85 elevar her. Men samtidigt vert det mykje lettare å verte betre kjent med kvar enkelt elev på ein liten skule, sjølv om Bratteberg ikkje er ein stor skule å rekne. Mitt hjarte vil forsatt ligge ved barnekoret som eg er leiar og dirigent for. Vi har 40 born frå 1.-6. klasse og vi reiser rundt og underheld. Kanskje vil vi besøke den store Hjørundfjordkyrkja ein eller annan gong.

Det vert også ei utfordring å pendle til Sæbø kvar dag. Eg har tre born som skal oppi 7.-4.og 1. klasse til hausten og når mannen min er ute til sjøs ein månad om gongen, kan det verte vanskeleg med timar i døgnet denne månaden, men eg er ein person som likar å få ting gjort så eg reknar med at det skal gå bra.

Har du den tradisjonelle lærarutdanninga?

Nei, eg har utdanna meg litt om senn etter eg vart ferdige med allmennfag i Ulsteinvik. Vidare etter litt jobb ute på Nilletunet i Volda så vart bachelorutdanning i administrasjon og leiing ved Høgskulen i Volda. Vidare vart det historie grunnfag, religion grunnfag og mellomfag. Tilslutt vart det pedagogisk utdanning. Før Brattberg skule var eg ei tid på Mork skule som lærar.

DSC00324
Rektor Mailene Almklov Kvalsvik er ein snartur innom rektorkontoret før ho reiser på ferie.

I ein slik krevjande leiarstilling har du nok gjort deg opp tankar for skulen framover?

Mine forhåpningar til jobben som rektor på Sæbø skule:

 Eg vil fyrst og fremst gjere mitt for at god læring skal skje. Då må både det administrative fungere og skulen som kunnskapsorganisasjon. Dette får ein blant anna til når ein spelar på fagleg kompetanse både internt og eksternt. I tillegg vil eg ha fokus på kombinasjonen trivsel og læring. Når elevane trivast og har gode, trygge vaksne rundt seg som stiller oppnåelege forventningar, ligg mykje til rette for at læring kan skje. Eg har og høge forvetningar til heimane. Vi på skulen kan motivere, lage til gode, spanande opplegg og håpe på gode resultat, men den viktigaste motivasjonen og positive forvetningar må kome frå foreldre/føresette. Det gjeld både haldningar til skule og skulearbeid og prioritering av dette. Det er utan tvil det beste for eleven når skule og heim dreg i same retning, og eg er viss på at dette alt er godt innarbeidd blant alle som soknar til Sæbø skule.

Bli kjent  med lærarar, elevar og heimen.
Eg kjenner audmjukheit i forhold til å vere leiar for lærarane som jobbar her. Dei er positive,

Når elevane trivast og har gode, trygge vaksne rundt seg som stiller oppnåelege forventningar, ligg mykje til rette for at læring kan skje.

Mailene A.Kvalsvik

dyktige, har mykje kunnskap og mange har lang erfaring. Fyrsteinntrykket mitt er svært godt, og ryktet Sæbø skule har er veldig positivt. Eg skal gjere alt eg kan for at dette skal vere slik også i framtida. Eg vil fortsette å legge til rette for felleskapsbygging, godt arbeidsmiljø, godt samarbeid og ein positiv og utviklande organisasjonskultur. Eg vil ha lærarar som er stolte av arbeidsplassens sin, motiverte for arbeidet og der ein hjelper kvarandre og deler både posistive og negative erfaringar. Eg trur dette alt er godt innarbeidd på skulen, så jobben vert nok enkel på dette området.

Fellesskapbygging og godt arbeidsmiljø er svært viktigt.
Vidare er eg oppteken av at skulen skal fungere godt som ein organisasjon. Eg er effektiv som person sjølv, og likar meg best når tid, ressursar og kunnskap vert brukt mest mogleg klokt og effektiv. Det vert difor viktig for meg no i starten å bli raskt kjend med elevar, lærarar, foreldre/føresette og Sæbø som samfunn og Ørsta kommune som arbeidsgjevar. Tidlegare rektor Laila Aarset har gjort ein god jobb. Eg kjem til å gjere mykje det same som ho har gjort, og så vert det nok litt nye ting etterkvart som eg vert varm i trøya.

Kommunikasjon på skulen og med heimen.
Ein kan ikkje sove i timen når ein er rektor. Både samfunn, elevar, foreldre, teknologi, politikken og faga endrar seg. Her skal Sæbø skule henge godt med i svingane, og kanskje vi finn fram til idear og løysingar på ting som kan vere nyttige for fleire enn oss. Det vert nok ei bratt læringskurve for meg, men eg er ikkje redd for utfordringar så aller mest gler eg meg til å ta fatt på jobben. Eg vert fort glad i menneska rundt meg, og eg gler meg til å møte og bli kjend med elevane vi har på skulen. Det vert mange timar dei skal vere saman med oss i løpet av dei åra dei går her. Vi skal ikkje berre oppbevare dei, men legge til rette for at trivsel, læring og ei positiv utvikling på alle områder skal finne stad. Mitt mål er at kvar enkelt skal nå så langt og høgt som råd er. Eg brenn for at alle dei som treng det skal få ein så pass skreddarsydd skulelæreveg at positiv måloppnåing er mogleg. Kvar enkelt skal bli sett og akseptert med både sterke og svake sider. Så trur eg på at mykje kan løysast med god kommunikasjon. Eg håpar at dersom nokon har spørsmål eller dei opplever ting dei ikkje likar i løpet av året,  tek kontakt med skulen før problema veks seg større enn nødvendig. Då har eg starta nedteljinga til skulestart. Å vere her på skulen uten elevane og lærarane er litt stusseleg, så eg gler meg til å ta fatt på nye, spennande oppgåver og ikkje minst til å treffe herlege 1-10 klassingar til hausten.


DSC00327

Skuleområdet og tryggleik for eleven i bruk av leikeapparat, er eit av ansvaret den nye skulestyraren er klar over ligg i stillinga.