Klokkura og Tryvatna.
På parkeringsplassen møtte eg og Fred opp, lenge tenkte vi at vi vart åleine på denne turen.
Då kom Stokkefamilia, tre raske karar og eit ikkje så lite raskt par foreldre kom i siste liten og då vart vi sju.
Etter eit par minutt kom det ein bil, og då dukka Hilde opp, ja no vart vi åtte.
Iver måtte ta ei aldri så lita pause på ein stein.
Ellers var det vanskelig å fange både han, Eskil og Nikolai på bilde, dei gjekk så fort.
Elvane er nesten tomme for vatn, og det er tørt og flott å gå i joggesko.
På Frølandsetra var det folksomt, triveleg å sjå.
Vi inviterte dei tilå slå lag mot Tryvatna, men dei var opptekne med andre ting.
På Stokkesetra sto ein flokk med kyr som tok imot oss med glede.
Alle ville ha drikke, kansje kyrne med?
Dei ville i allefall ha klapp og kos.
Alltid idyllisk på Stokkesetra, flott utsikt og kjekke folk.
Linda, Iver, Fred, Nikolai, Eskil og Hilde.
Vidare gjekk det, vi skulle opp til Klokkura.
Eskil hadde med dykkermaske også så Tryvatna frista veldig.
Froskar dukka opp, sjølv om det var lite vatn til dei, han sit midt på steinen.
Mykje blad på busker og tre, men lite gras til kyrne, får håpe dei finn litt andre stadar.
Pause i Klokkura, der var kald drikke å fylle på og skriving i boka.
Desse karane måtte vasse litt og vaske ansiktet for å kjøle seg ned.
På veg opp mot Tryvatna ville kyrne fylje etter Linda, dei ville sikkert bade dei og.
Bodil og Hilde med fjorden i bakgrunnen.
Endelig oppe ved vatna, for eit vakkert syn.
Bading i Tryvatna, eit sommar paradis!
Varmt i vatnet og hærligt og avkjøle seg.
Eskil i full sving med dukkermaska si.
No er alle "sjøtroll" observert og destruert!
Gutta boys med premie etter bading og tur, colaboks er godt i varmen.
Arve, Nikolai, Eskil og Iver.
"Gamlingane" tok fatt på heimveg fyrst, Bodil, Hilde og Fred.
Nesten synd å forlate ein slik vakker dal, vi rusla heim med vemod, men med gode minner å glede oss over når skodda og regnet kjem.
Tusen takk for laget.
Neste måndag vert det tur til Eitrefjellet, vi går rundt vatna og nedatt bratthenget.
Dette er ein del av Naturfestivalen sjå programmet på linken på portalen.
Vel møtt!
Kommentarar