Første helga i august, laurdag, 2. august, blir det på nytt invitert til Urke-helg. Dette er eit arrangement med tradisjons status.
Jens-Arve Forbord legg i år og opp til fjelltur frå laurdags morgon. I år er det Skårafjella og Otålhornet som står på programmet.
Skårafjell sett frå Urke, 8. juni i år. Dei lokalkjende oppdagar at Skårakjerringa (litt opp om sentrum i biletet) er på plass, men har alt fått ein fyldig figur, alt tidleg i juni. Lite snø i år.
Grendalaget inviterer til Grendahuset laurdagskvelden med både programinnslag og annan aktivitet. Vi ventar på plakat og endeleg program.
"Med dette vil vi berre varsle at vi er i rute," seier Dorit Rønning, "så det gjeld å krysse av i kalenderen."
Dorit Rønning er leiar i Urke Grendalag og ønskjer velkomne til Urke-helg første laurdag i august.
Kommentarar
Urke Camping har dei siste dagane gjennomgått ei opp-pussing og fornying, men arbeidsgruppene er nok ikkje heilt i hamn.
Eg reknar med at når tida er inne, vil vi få vite om at Urke Camping på nytt er klar til å ta mot gjester.